Espen Rian (fødd 10. februar 1981) er ein norsk tidlegare kombinertrennar frå Stadsbygd. Han var med på det norske firemannslaget som vann bronsemedalje i lagtevlinga under Ski-VM 2007. Frå NM-tevlingar fekk han med seg fem bronsemedaljar.

Espen Rian
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1981 (43 år)
Trondheim
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2010

Karriere endre

Rian debuterte i verdscupen 29. desember 2001 i Oberwiesenthal, der han kom på 22. plass i sprintøvinga. I november og desember 2006 oppnådde han to plasseringar mellom dei ti første i verdscupen. Den beste plasseringa i verdscupen vart ein femteplass i Holmenkollen i 2008-sesongen.

Under VM 2007 i Sapporo var han med på å ta bronse i lagtevlinga med det norske laget, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Håvard Klemetsen. Individuelt vart han nummer åtte i normaløvinga med to hopp i skibakken og 10 km langrenn.

Rian var reserve til vinter-OL 2010 i Vancouver. Då Ole Christian Wendel vart sjuk og reiste heim, reiste Rian til Canada. Han deltok i den øvinga då det vart hoppa i den store bakken og vart nummer 35, dessutan var han med på Noregs lag som kom på femteplass i lagtevling.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • 2007: Nr 8 i normalprogrammet, bronsemedalje i lag under Ski-VM i Sapporo
  • 2009: Nr 18 i halvprogrammet i verdsmeisteskapen i Liberec
  • 2010: Nr 5 i lagtevling i vinter-OL i Vancouver

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 2001/22: Nr 22 i Oberwiesenthal
  • 2002/03: Nr 15 i Harrachov
  • 2004: Nr 14 i Lahti
  • 2004/05: Nr 21 i Trondheim
  • 2006/07: Nr 6 på Lillehammer
  • 2008: Nr 5 i compactsprint i Holmenkollen
  • 2009: Nr 9 i Seefeld
  • 2009/10: Nr 14 i Kuusamo
  • 2010/11: Nr 11 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Han la opp som aktiv kombinertløpar i 2011.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre