Langduskpingvin

fugleart
(Omdirigert frå Eudyptes moseleyi)
Langduskpingvin
Eudyptes moseleyi i Berlin Zoological Garden Foto: Arjan Haverkamp
Eudyptes moseleyi i Berlin Zoological Garden
Foto: Arjan Haverkamp
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av langduskpingvin
Utbreiinga av langduskpingvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Art: Langduskpingvin E. moseleyi
Vitskapleg namn
Eudyptes moseleyi

Langduskpingvin (Eudyptes moseleyi), tidlegare underarten Eudyptes chrysocome moseleyi av klippehopparpingvin, er ein liten pingvin i slekta Eudyptes med gul fjørpryd på hovudet. Denne pingvinarten lever i det sørlege Atlanterhavet og i Indiahavet.[1]

Skildring endre

Langduskpingvinar skil seg lite i utsjånad frå andre i slekta Eudyptes, han har fjørtopp og lys, gult augebryn som endar i ein fjørdust, men augestripa er smalare og kortare enn hos klippehopparpingvinen. Han er ein av dei minste pingvinane, ca. 55 centimeter,[1] berre dvergpingvinen er vesentleg mindre. Langduskpingvin dukkar typisk ned til 18 meter for å hente føde og er under vatn i rundt eit minutt, men han kan gå ned til 100 meters djupne. Føda er sett saman av krepsdyr, fisk og blekksprut, i ei undersøking utgjorde krillarten Thysanoessa gregaria den dominerande mengda av føde.[2] Dei beitar ofte selskapeleg i flokk, og er kolonihekkarar. Kullet er vanlegvis på to egg. Langt dei fleste, ca. 80 %, lever i det sørlege Atlanterhavet, resten av populasjonen i Indiahavet.[3]

Bestanden er estimert til ca. 265 000 hekkande par og er minkande. Arten er rekna som sterkt truga grunna snøgg tilbakegang i heile utbreiingsområdet dei siste tretti åra.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International 2014
  2. Y. Cherel, Y. Tremblay, E. Guinard, J. Y. Georges (1. juli 1999). «Diving behaviour of female northern rockhopper penguins, Eudyptes chrysocome moseleyi, during the brooding period at Amsterdam Island (Southern Indian Ocean)». Marine Biology 134 (2): 375–385. doi:10.1007/s002270050554. Henta 11. januar 2014. 
  3. Encyclopedia of Life 2014

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Langduskpingvin