Europa Universalis III

dataspel frå 2007

Europa Universalis III (forkorta EU3) er eit historisk strategispel utvikla til PC av Paradox Interactive, utgjeve januar 2007 for Windows og november 2007 for Mac[1] Spelet vart annonsert den 14. februar 2006.

Europa Universalis III

Utviklar(ar)Paradox Interactive
Utgjevar(ar)Paradox Interactive
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store
SerieEuropa Universalis
SpelmotorParadox Development Studio
Siste versjon1.3
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS
UtgjevingEU: 26. januar 2007
Nord-Amerika: 23. januar 2007
SjangerStrategi, historisk strategi
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrenseESRB: E 12+
Versjon1.3
Nettstadhttp://www.europauniversalis3.com/
Del av serien Europa Universalis⠀
←Europa Universalis II  · Europa Universalis IV→

Europa Universalis III startar kort tid etter Konstantinopels fall, i 1453. Utvidinga In Nomine flytter startdatoen til 1399. I den etterfølgjande tida må spelaren leie nasjonen sin til å bli mektig og stor, og det heile vert avslutta etter revolusjonane i Frankrike og Amerika. Totalt kjem spelet med over 250 historiske nasjonar.

Spelet skil seg ikkje mykje frå forgjengaren Europa Universalis II, men var det første spelet som brukte Paradox sin tredimensjonale spelmotor Clausewitz. Dessutan er det fleire moglegheiter for spel i fredstid, som tidlegare har vore noko avgrensa. Spelet brukar og ulike element frå andre Paradox-spel.

Omfang av spelet endre

Spelaren startar med å velje nasjon og dato. Det er over 300 nasjonar å velje frå, som Böhmen, Kazan-khanatet, Noreg og Ming. Til og med mindre nasjonar som Maldivane er representerte. Mange provinsar i Amerika, Afrika og Oseania er opne for å bli koloniserte. Det finst ingen måte å vinne på, spelaren bestemmer kva han vil gjere og når han har vunne. Spelet har fleire startdatoar med 1399 som den tidlegaste. Spelaren kan velje mellom fleire forskjellege styreformer som republikk, monarki, stammer og teokrati. Etter kvart kan spelaren velje nasjonale idear som gir nasjonen spesialiserte bonusar.

Ein nasjons inntekt kjem i form som dukatar. Ein får dukatar frå skatt, produksjon, handel og krig. Skatt blir samla automatisk frå provinsar, produksjon blir og automatisk samla frå provinsar. Nasjonar tener dukatar frå handel ved å sende handelsmenn til handelssenter, der dei konkurrere for inntekt. Nasjonar som Holland, Hansaforbundet og Venezia har betydelege fordelar. For å forske på teknologi blir det investert pengar kvar månad i ulike kategoriar. Det er mogleg å rekruttere rådgjevarar som gir nasjonen ulike bonusar, for eksempel innan forsking.

Krigføring blir gjennomført ved å sende hærar inn i andre provinsar. Viss provinsen er fiendtleg begynner hæren å omleire provinsen. Kor lang tid omleiringa tek, blir bestemt av kva troppar omleiraren har og kva forsvarsnivå fortet har. Når to hærar som er fiendtlege er i same provins, startar eit søag. I eit søag så kan berre spelaren bestemme kva troppar som deltek i slaget og kva general som leiar hæren.

I spelet kan ein kommunisere med andre nasjonar i form av diplomati. Ein nasjon kan for eksempel alliere seg med andre nasjonar, føreslå eit ekteskap mellom to dynasti, erklære krig mot ein nasjon og selja ein provins. Keisaren av Det tysk-romerske riket, handelsrepublikkar og nasjonen som kontrollerer den romerske kurie har spesielle handlingar når det gjeld diplomati.

Utvidingar endre

  • Napoleon's Ambition var den første utvidinga til hovudspelet. Windowsversjonen av denne er berre tilgjengeleg som kjøpt nedlasting ifrå GamersGate. Denne prøver å forbetre grensesnittet, utvide handelssystemet, utvida moglegheiter og eit lengre tidsperspektiv.[2] Utvidinga blei utgjeve den 22. august 2007 og på Mac blei den utgjeve den 7. desember 2007.[3]
  • In Nomine er den andre utvidinga. Tidsråma for spelet vert på nytt utvida, ein har lagt til Bysants, omarbeidd den kunstige intelligensen og gjort opprørsbandar til meir politisk målretta grupper.[4] In Nomine blei utgjeve den 28. mai 2008 og 18. august 2008 på Mac.[5]
  • Heir to the Throne er den tredje utvidinga. Det vert lagt til dynasti, nye casus belli og moglegheit å sameine det Det tysk-romerske riket.[6] Heir to the Throne ble utgjeve den 15. desember 2009 og utgjeve 24 mai for Mac.[7]
  • Divine Wind er den fjerde utvidinga. Japan vert forandra. Fleire daimyōar kjempar for kontroll over shogunatet, betre grafikk og namneplassering på kartet, betre fleirspelar, utvida diplomati, det himmelske mandatet for Kina, fleire nye kulturar å spele som og utvida spelmogligheiter for hordar.[8] Divine Wind blei utgjeve den 14. desember 2010 og for Mac den 15 mars 2011.[9]
  • Europa Universalis III Complete blei utgjeve som ein samlepakke som inkluderer utvidingane Napoleon's Ambition og In Nomine.
  • Europa Universalis III Chronicles er ein samlepakke som inkluderer Europa Universalis III Complete, Heir to the Throne og Divine Wind.
Versjon Tidlegast mogleg
startdato
Seinast mogleg
startdato
Sluttdato
Europa Universalis III (originalversjon) 30. mai 1453 14. juli 1789 1. januar 1793
Napoleon's Ambition (utviding) 30. mai 1453 2. januar 1821 1. januar 1822
In Nomine (utviding) 14. oktober 1399 2. februar 1821 3. februar 1821
Heir to the Throne (utviding) 14. oktober 1399 2. februar 1821 3. februar 1821
Divine Wind (utviding) 14. oktober 1399 2. februar 1821 3. februar 1821

Mottaking endre

Gamer gav spelet 9/10[10] og Eurogamer gav spelet 7/10.[11] Spelet fikk 83/100 på Metacritic[12] og Gamespot gav spelet 8.7 ut av 10 poeng. Gamespot oppsummerte meldinga med «Det er så djupt og breitt som du forventar frå eit strategispel, men Europa Universalis III si mest markante oppnåing er kor lett det er å kome inn i».[13] IGN gav spelet 8.5.[14]

Anmeldar Poeng
Gamer 9/10
Eurogamer 7/10
Metacritic 83/100
Gamespot 8.7/10
IGN 8.5

Magna Mundi endre

Magna Mundi var ein mod som skulle gjere spelet meir historisk og kartet meir detaljert. Det vart planlagt at Magna Mundi skulle få sitt eige spel basert på EU3 utvikla av Universo Virtual som bestod av dei som jobba på modden. Paradox Interactive skulle utgjeve spelet. I 2012 så blei Magna Mundi kansellert av Paradox. Dei gav tre grunnar, at prosjektet mangla aktivt leiing, mangel på progresjon og mangel på tillit.

Universo Virtual lovte at dei skulle svare gjennom rettslege kanalar.[15]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III Released», www.insidemacgames.com, henta 6. mars 2020 
  2. Napoleon Invades Europa Universalis III Arkivert 2009-06-21 ved Wayback Machine. IGN.com
  3. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III: Napoleon's Ambition Available», www.insidemacgames.com, henta 6. mars 2020 
  4. EU III Expansion 'In Nomine' Revealed Gamershell.com Gamershell.com
  5. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III: In Nomine Released», www.insidemacgames.com, henta 6. mars 2020 
  6. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III Heir To The Throne Now Shipping», www.insidemacgames.com, henta 4. februar 2020 
  7. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III Heir To The Throne Now Shipping», www.insidemacgames.com, henta 6. mars 2020 
  8. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III: Divine Wind Now Available», www.insidemacgames.com, henta 4. februar 2020 
  9. «Inside Mac Games News: Europa Universalis III: Divine Wind Now Available», www.insidemacgames.com, henta 6. mars 2020 
  10. Groven, Mikael Harstad (26. januar 2007), «ANMELDELSE: Europa Universalis III - New page», Gamer.no (på norsk), henta 6. mars 2020 
  11. Meer, Alec (8. februar 2007), «Europa Universalis III», Eurogamer (på engelsk), henta 6. mars 2020 
  12. «Europa Universalis III», Metacritic (på engelsk), henta 6. mars 2020 
  13. «Europa Universalis III Review», GameSpot (på engelsk), henta 6. mars 2020 
  14. Europa Universalis III Review - IGN (på engelsk), henta 7. mars 2020 
  15. Froholt, Joachim (21. juni 2012), «Paradox kansellerer Magna Mundi», Gamer.no (på norsk), henta 13. mars 2020 

Bakgrunnsstoff endre