Europameisterskapen på skeiser 1996

Europameisterskapane på skeiser 1996 for menn og for kvinner vart avvikla i Thialf-ishallen i Heerenveen i Nederland frå fredag 19. og til sundag 21. januar. 32 menn og 24 kvinner frå 18 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Latvia, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Sveits, Sverige, Tyskland, Ukraina og Ungarn.

Noreg stilte med tre menn: Eskil Ervik, Remi Hereide og Lasse Sætre. Ingen norske kvinner deltok. Best av dei norske var Ervik med ein skuffande 14. plass.

Fjorårsvinnar Rintje Ritsma frå Nederland vart meister ny, landsmennene Ids Postma og Marin Hersman fylgde på dei neste plassane. Postma vann begge dei kortaste løpa, Belgias Bart Veldkamp dei to lengste. Tysklands Gunda Kleemann forsvarte meistertittelen for kvinner, ho stod for bestetidene på dei to lengste distansane, nederlandske Annamarie Thomas gjekk fortast på så vel 500 meter som 1500 meter.

Skeise-EM 1996, mennEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Rintje Ritsma   Nederland 159,756
  Ids Postma   Nederland 160,175
  Martin Hersman   Nederland 161.392
4 Bart Veldkamp   Belgia 162,061
5 Roberto Sighel   Italia 162,761
6 Frank Dittrich   Tyskland 163,088
7 Aleksandr Anufrijenko   Russland 164,583
8 Christian Breuer   Tyskland 164,387

Dato: 19./21. januar

Skeise-EM 1996, kvinnerEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Gunda Kleemann   Tyskland 170,232
  Annamarie Thomas   Nederland 172,133
  Claudia Pechstein   Tyskland 172,763
4 Tonny de Jong   Nederland 173,360
5 Svetlana Bazjanova   Russland 174,315
6 Emese Hunyady   Austerrike 175,335
7 Mihaela Dascălu   Romania 176,577
8 Elena Belci   Italia 176,588
9 Heike Schalling   Tyskland 176,592

Dato: 19./21. januar

KjelderEndra