Europameisterskapen på skeiser 2000

Europameisterskapane på skeiser 2000 for menn og for kvinner vart avvikla i Vikingskipet på Hamar i Noreg helga 15–16. januar. 28 menn og 23 kvinner frå 18 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Latvia, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits,Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina og Ungarn.

Noreg stilte med tre menn: Petter Andersen, Eskil Ervik, Ådne Søndrål, og to kvinner: Hedvig Bjelkevik, Ellen Kathrine Lie. Ervik enda på andreplass og var best av dei norske, Andersen vart sjettemann og Søndrål nummer 9.

Rintje Ritsma frå Nederland forsvarte europameister-tittelen. Ådne Søndrål var bestemann på 500 meter og 1500 m, Eskil Ervik vann 5 000 meter og tyske Frank Dittrich 10 000 m. Tysklands Anni Friesinger vart europameister framom landskvinna Gunda Kleemann, med Renate Groenewold frå Nederland på tredjeplass. Bestetider på enkeltdistansane fekk Tonny de Jong (500 m), Groenewold (3000 m), Emese Hunyady (1500 m) og Kleemann (5000 m).

Skeise-EM 2000, mennEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Rintje Ritsma   Nederland 153,608
  Eskil Ervik   Noreg 153,858
  Ids Postma   Nederland 155,585
4 Roberto Sighel   Italia 154,704
5 Bart Veldkamp   Belgia 155,069
6 Petter Andersen   Noreg 155,321
7 Vadim Sajutin   Russland 155,919
8 Sicco Janmaat   Nederland 155,035
9 Ådne Søndrål   Noreg 156,158
10 Marnix ten Kortenaar   Austerrike 156,715

Dato: 15./16. januar

Skeise-EM 2000, kvinnerEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Anni Friesinger   Tyskland 163,322
  Gunda Kleemann   Tyskland 163,348
  Renate Groenewold   Nederland 163,915
4 Claudia Pechstein   Tyskland 164,560
5 Tonny de Jong   Nederland 164,919
6 Emese Hunyady   Austerrike 166,101
7 Annamarie Thomas   Nederland 166,188
8 Varvara Barysjeva   Russland 167,312

Dato: 15./16. januar

KjelderEndra