Even Rejerson
Even Rejerson (22. oktober 1826–11. desember 1890) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Laudal i Vest-Agder.
Even Rejerson | |
Fødd | 22. oktober 1826 Laudal |
---|---|
Død | 11. desember 1890 Kristiania |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, lærar, bonde |
Rejerson var son til ein bonde på garden Fidje i Laudal. Han gjekk ut frå Holt seminar i 1846 og var dei neste seks åra lærar i Holum. 1852/53 underviste han ved døveinstituttet i Kristiansand og var så lærar i Mandal 1854-56. Den lange perioden frå 1856 til 1888 var han lærar og kyrkjesongar i Holum. Etter han fram til 1876 hadde budd på skulegarden i bygda, busette han seg sin eigen gard, Kaddeland. Frå 1887 vart han statsrevisor.
Han var medlem av heradsstyret i Holum frå 1866 til -89. Fire av åra var han ordførar i heradet, 18 år varaordførar. Dessutan forlikskommissær med mange kommunale verv.
Rejerson representerte Lister og Mandals amt på Stortinget i seks samanhengande valbolkar, 1871-1888. Heile tida var han medlem av protokollkomiteen, sekretær i komiteen frå 1880. Han vart medlem av Venstre si partiforeining då denne vart skipa i 1884.
Han døydde i Kristiania i 1890.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Even Rejerson NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv