F.R. David
F. R. David (fødd 1. januar 1947 som Elli Robert Fitoussi) er ein tunisiskfødd fransk songar som er mest kjend for hitsingelen «Words (Don't Come Easy)» frå 1982.
F. R. David | |||
| |||
Fødd | 1. januar 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Menzel Bourguiba i Tunisia | ||
Fødenamn | Elli Robert Fitoussi | ||
Alias | F. R. David | ||
Opphav | Frankrike | ||
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Europop, poprock | ||
Instrument | Vokal, bass, gitar, piano, keyboard, trommer | ||
Plateselskap | Carrere, CBS | ||
Verka som | Songar-låtskrivar |
Karriere
endreF. R. David byrjar karrieren sin som Robert Fitoussi, songar og gitarist i det franske garagebandet Les Trèfles. Etter ein EP vart bandet til Les Boots, men fekk lite kommersiell suksess. Etter at han gav seg scenenamnet sitt, gjekk han solo i 1967 og spelte inn psykedelisk orkesterpop med Michel Colombier, inkludert ein versjon av The Beatles sin «Strawberry Fields Forever» (Il Est Plus Facile). Han fekk ein mindre hitt med Éric Charden sin «Symphonie» og ein versjon av The Bee Gees sin «Sir Geoffrey Saved The World», men suksessen varte ikkje.
Tidleg i 1970-åra danna det progressive rockebandet David Explosion, men det eine albumet deira selde dårleg. Han arbeidde ei stund med Vangelis, og song på somme av dei tidlege albuma hans i 1970-åra. Han vart så med i det franske rockebandet Les Variations, og var med på det siste albumet deira Café De Paris, med ein tidleg rocke-disco-låt, «Superman, Superman». Då bandet vart oppløyst gjekk han solo igjen.
Den største bragda hans var hitten «Words» i 1982, som selde åtte millionar eksemplar verda over, og toppa salslister fleire stader i Europa. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart i Storbritannia[1] våren 1983. Singelen vart den 22. mest selde i Storbritannia i 1983.
I 1990-åra skreiv han hovudsakleg musikk for andre artistar. F. R. David gav ut albumet Words - '99 Version i 2000 med hovudsakleg coverversjonar. I 2009 gav han ut albumet Numbers, som var eit samarbeid med andre musikarar og med songar som F. R. David sjølv likte.[2]
Mellom 2010 og 2011 spelte han 52 konsertar i Frankrike.[2]
Diskografi
endreAlbum
endre- Tout Va Bien (med Les Boots) (1968)
- Earth med Vangelis (1973)
- Café De Paris (med Les Variations) (1975)
- Close But No Guitar (med Marc Tobaly) (1978)
- Words (1982)
- Long Distance Flight (1984)
- Reflections (1987)
- Voices Of The Blue Planet (1998)
- Words – '99 Version (1999)
- The Wheel (2007)
- Numbers (2009)
- Midnight Drive (2013)
Singlar
endre- «Words» (1982)
- «Pick Up The Phone» (1982)
- «Music» (1983)
- «I Need You» (1983)
- «Gotta Get A Move On» (1983)
- «Play A Little Game» (1983)
- «Rock Fame» (1983)
- «Sand Dunes» (1983)
- «Dream Away» (1984)
- «Sahara Night» (1986)
- «Don't Go» (1987)
- «Words '91» (1991)
- «I'll Try To Love Again» (1992)
Samleplater
endre- Greatest Hits (1991)
- Best Of F. R. David (2000)
- Songbook (2003)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «F. R. David» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ German, Yuri. «Biography: F.R. David». AMG. Henta 4. september 2014.[daud lenkje]
- ↑ 2,0 2,1 Site officiel Arkivert 2015-01-09 ved Wayback Machine.. F. R. David. Henta 4. september 2014.