Strawberry Fields Forever
Strawberry Fields Forever Singel av The Beatles frå albumet Magical Mystery Tour | ||
A-side |
«Penny Lane» (dobbel A-side) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. februar 1967 | |
Innspelt | 29. november, 8–22. desember 1966 | |
Studio | EMI Studios, London | |
Sjanger | psykedelisk rock,[1] kunstpop,[2] progressiv pop,[3] psykedelisk pop,[4] acid rock[5] | |
Lengd | 4:05 | |
Selskap | Parlophone (UK) Capitol (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Eleanor Rigby» / «Yellow Submarine» (1966) |
Strawberry Fields Forever | «All You Need Is Love» (1967)
|
«Strawberry Fields Forever» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles. Songen vart skriven av John Lennon og innspelt mot slutten av 1966, men tilskriven Lennon/McCartney. Han er kalla opp etter huset til Frelsesarmeen i Liverpool, der Lennon leika som barn.
«Strawberry Fields Forever» startar med ein vers-mellomspel-struktur med Lennon på vokal og med akkompagnement frå resten av bandet. Midtvegs i songen vert Lennon akkompagnert av eit orkester. Etter det fjerde verset vert songen tona ut og inn igjen til disharmoniske melodiar og Lennon som seier «cranberry sauce».
«Strawberry Fields Forever» vart opphavleg innspelt for Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (1967), men vart i staden gjeve ut som singel den 13. februar 1967 som ei dobbel A-side, med Paul McCartney sin «Penny Lane» på andre sida. Songen nådde toppen av hitlistene i mange land og vert av mange musikkritikarar skildra som ein av dei beste innspelingane til bandet.[6][7] Songen er ein av dei som definerte sjangeren psykedelisk rock og vart spelt av mange andre artistar. Songen vart seinare gjeve ut på albumet Magical Mystery Tour (1967).
Bakgrunn og komposisjon
endreStrawberry Field var namnet på barneheimen til Frelsesarmeen like ved barndomsheimen til Lennon i Liverpool.[8]
Lennon starta skrivinga av songen seint i 1966 i Almería i Spania under innspelinga av Richard Lester-filmen How I Won the War.[8][9] Både Lennon sin «Strawberry Fields Forever» og McCartney sin «Penny Lane» hadde eit nostalgisk tema frå barndomsåra deira i Liverpool. I tillegg hadde begge songane sterke surrealistiske og psykedeliske overtonar.[8] Produsent George Martin sa at då han først høyrte «Strawberry Fields Forever» syntest han at songen danna ei «tåkete, impresjonistisk draumeverd».[10]
«Let me take you down,
John Lennon, 1966
|
Perioden var prega av store endringar for Lennon sin del. Beatles hadde akkurat gjeve opp turnelivet, hendingane der Lennon uttalte at «Beatles var meir populært enn Jesus»[11] og der bandet utan medvit[8][12] var nettopp forbi og ekteskapet til Lennon med Cynthia Powell var i ferd med å bryte saman. I tillegg hadde han starta å nytte store mengder narkotika, særleg hallusinogenet LSD.[10][13]
Innspeling
endreArbeidstittelen på songen var «It’s Not Too Bad».[14] Innspelinga starta 24. november 1966 i Abbey Road Studio. Det tok 45 timar å spele inn songen, spreidd utover fem veker.[8][15][16] Songen var meint for albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, men vart i staden gjeve ut som ein singel.[17]
Etter at songen var innspelt ønskte Lennon å gjere noko annleis med han. I følgje Martin ønskte Lennon ein dempa, drøymande song, men at resultatet hadde vorte for grovt. Martin foreslo å skrive melodi for strykarar som kunne leggast på, noko han også gjorde[18], med fire trompetar og tre celloar, men Lennon likte ikkje resultatet.[19] Samstundes vart eit anna grunnspor spelt inn den 8. og 9. desember med ein mellotron, slidegitar, piano og cymbalar spelt inn baklengs, samt ein swarmandal; ein indisk versjon av ein sitar.[20][21] Etter å ha høyrt begge versjonane likte Lennon begge og ønskte å kombinere dei.
Utgjeving og mottaking
endreSingelen kom ut 13. februar som ei dobbel A-side med «Penny Lane» på andre sida. For første gong sidan «Love Me Do» i 1962, klarte ikkje Beatles-singelen å nå toppen av den britiske singellista, men stoppa på andreplass. Dette kom av at BBC rekna dei to songane som to individuelle singlar, og tok ikkje omsyn til at singelen faktisk selde nesten dobbelt så mykje som Engelbert Humperdinck, som hadde førsteplassen.[22] Det same opplegget hadde dei i USA, men her nådde «Penny Lane» toppen av lista, medan «Strawberry Fields Forever» stoppa på 8. plass.
«Strawberry Fields Forever» vart teke godt imot av kritikarane, og vert framleis rekna som ein klassikar. Tre veker etter han kom ut omtalte bladet Time songen som det siste dømet på Beatles si utrulege nyskapande evner.[23] Allmusic har hylla songen som ein av dei største songane til The Beatles.[6] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 76. plass over dei 500 største songane gjennom tidene.[7]
Brian Wilson frå The Beach Boys sa at songen var delvis årsaka til at han skrinla det legendariske lenge uferdige albumet SMiLE.[24] og at etter han hadde høyrt songen så meinte han at Beatles alt hadde kome fram til lydbilete dei alltid hadde prøvd å oppnå.[24]
Medverkande
endreI følgje Ian MacDonald,[25] utanom der andre er nemnde:
The Beatles
- John Lennon – vokal, rytmegitar, bongos, Mellotron (slutten)
- Paul McCartney – Mellotron (ein part på opptak 7), bassgitar, piano,[26] sologitar (slutten), pauker, bongotromer
- George Harrison – sologitar (ein part på opptak 7),[27] slidegitar, swarmandal, pauker, maracas
- Ringo Starr – trommer, perkusjon
- ikkje oppført – spiker piano[28]
Andre musikarar
- George Martin – cello og trompetarrangement
- Mal Evans – tamburin
- Neil Aspinall – güiro
- Terry Doran – maracas
- Tony Fisher – trompet
- Greg Bowen – trompet
- Derek Watkins – trompet
- Stanley Roderick – trompet
- John Hall – cello
- Derek Simpson – cello
- Norman Jones – cello
Salslister
endreBeatles-versjonen
endreListe (1967) | Plassering |
---|---|
Australske Go-Set National Top 40[29] | 1 |
Den austerrikske singellista[30] | 13 |
Belgian Singles Chart (Wallonia)[31] | 1 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[32] | 1 |
Nederland (Mega Single Top 100)[33] | 1 |
New Zealand Listener Chart[34] | 9 |
Norske VG-lista[35] | 1 |
Svenske Kvällstoppen[36] | 1 |
UK Record Retailer Chart[37] | 2 |
US Billboard Hot 100[38] | 8 |
US Cash Box Top 100[39] | 10 |
Candy Flip-versjonen
endreListe (1990) | Plassering |
---|---|
Australske ARIA Report[40] | 29 |
Belgiske Ultratop 50 Singles (Flandern)[41] | 47 |
Irish Singles Chart[42] | 7 |
New Zealand RIANZ-lista[43] | 20 |
UK Singles Chart[44] | 3 |
US Modern Rock Tracks[45] | 11 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Strawberry Fields Forever» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Andy Babuik, Mark Lewisohn, Tony Bacon (2002). Beatles Gear: All the Fab Four's Instruments, from Stage to Studio. Milwaukee: Backbeat Books. ISBN 0879307315.
- The Beatles (2000). The Beatles Anthology. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-2684-8.
- The Beatles (2003). The Beatles Anthology (DVD). Apple records. ASIN: B00008GKEG (Bar Code: 24349 29699).
- Craig Cross (2004). Beatles-Discography.com: Day-By-Day Song-By-Song Record-By-Record. Bloomington: iUniverse. ISBN 0-595-31487-2.
- Hunter Davies (2002). The Beatles: The Authorised Biography. New York: W.W. Norton. ISBN 0-393-32886-4.
- Geoff Emerick, Massey, Howard (2006). Here, There and Everywhere: My Life Recording the Music of the Beatles. New York: Penguin Books. ISBN 1-592-40179-1.
- Walter Everett (1999). The Beatles as Musicians: Revolver Through the Anthology. New York: Oxford Press. ISBN 0195129415.
- Jonathan Gould (2007). Can't Buy Me Love: The Beatles, Britain, and America. New York: Harmony Books. ISBN 0307353370.
- Allan Kozinn (1995). The Beatles. London: Phaidon. ISBN 0714832030.
- Cynthia Lennon (2006). John. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-89828-3.
- Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- Mark Lewisohn (1992). The Complete Beatles Chronicle. Harmony Books.
- Barry Miles (1988). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Macmillan.
- Ian MacDonald (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-844-13828-3.
- Rolling Stone Magazine, Peter Herbst (1989). The Rolling Stone Interviews. New York: MacMillan. ISBN 0312034865.
- David Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-25464-4.
- Bob Spitz (2005). The Beatles: The Biography. New York: Little, Brown and Company. ISBN 1845131606.
- Brandon Toropov (2002). The Complete Idiot's Guide to Urban Legends. London: Alpha Books. ISBN 0028640071.
- Albin Zak (2001). The Poetics of Rock: Cutting Tracks, Making Records. Berkeley: University of California Press. ISBN 0520218094.
- DeRogatis, Jim (2003). Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Milwaukee, WI: Hal Leonard. ISBN 978-0-634-05548-5.
- Doggett, Peter (2015). Electric Shock: From the Gramophone to the iPhone – 125 Years of Pop Music. London: The Bodley Head. ISBN 978-1-84792-218-2.
- Guesdon, Jean-Michel; Margotin, Philippe (2013). All the Songs: The Story Behind Every Beatles Release. New York, NY: Black Dog & Leventhal. ISBN 978-1-57912-952-1.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (2nd rev. edn). Chicago, IL: Chicago Review Press. ISBN 978-1-55652-733-3.
- Philo, Simon (2015). British Invasion: The Crosscurrents of Musical Influence. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. ISBN 978-0-8108-8626-1.
- Winn, John C. (2009). That Magic Feeling: The Beatles' Recorded Legacy, Volume Two, 1966–1970. New York, NY: Three Rivers Press. ISBN 978-0-307-45239-9.
- ↑ DeRogatis 2003, s. 48.
- ↑ Doggett 2015, s. 373.
- ↑ Philo 2015, s. 119.
- ↑ Frith, Simon (1981). «1967: The Year It All Came Together». The History of Rock. Rock's Backpages (krev abonnement).
- ↑ Carr & Tyler 1978, s. 62: «Both ['Strawberry Fields Forever' and 'Penny Lane'] represent definitive English acid-rock (as opposed to its American cousin) … The subject-matter was essentially 'Liverpool-on-a-sunny-hallucinogenic-afternoon'.»
- ↑ 6,0 6,1 Richie Unterberger. «"Strawberry Fields Forever"». Allmusic.
- ↑ 7,0 7,1 «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 17. desember 2008.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 The Beatles Anthology DVD (2003) (Episode 6 - 0:32:32)
- ↑ Sheff (2000) s. 153
- ↑ 10,0 10,1 Spitz (2005) s. 641
- ↑ Robert Webb. «'Strawberry Fields Forever': The making of a masterpiece». The Independent.
- ↑ Spitz (2005) pp. 619-625
- ↑ Lennon (2006) s. 244–248
- ↑ Robert Fontenot. «The history of this classic Beatles song». About.com.
- ↑ Spitz (2005) s. 654
- ↑ Spitz (2005) p. 655
- ↑ Miles (1988) s. 306
- ↑ «'Strawberry Fields Forever' The Beatles». BBC.
- ↑ Joseph Brennan. «Strawberry Fields Forever: Putting Together the Pieces». Columbia University in the City of New York.
- ↑ Emerick (2006) s. 135–136
- ↑ Kozinn (1995) s. 149
- ↑ Spitz (2005) s. 656
- ↑ «Other noises, Other notes». Time, Inc. 3. mars 1967.
- ↑ 24,0 24,1 Derk Richardson. «Brian Wilson finally finishes his 'teenage symphony to God'». Hearst Communications Inc.
- ↑ MacDonald 2005, s. 212–20.
- ↑ Guesdon & Margotin 2013, s. 366.
- ↑ Winn 2009, s. 69, 71–72.
- ↑ Everett 1999, s. 80.
- ↑ «Go-Set Australian Charts – 19. april 1967». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «The Beatles – Strawberry Fields Forever». austriancharts.at. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «The Beatles – Strawberry Fields Forever». ultratop.be. Henta 15. mars 2018.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – The Beatles search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 15. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – Strawberry Fields Forever / Penny Lane" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 15. mars 2018.
- ↑ Ovens, Don (charts dir.) (29. april 1967). «Billboard Hits of the World». Billboard: 56. Henta 15. desember 2017.
- ↑ «The Beatles – Strawberry Fields Forever». norwegiancharts.com. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Januari 1968» (PDF) (på svensk). hitsallertijden.nl. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «The Beatles». Official Charts Company. Henta 23. februar 2015.
- ↑ «The Beatles – Awards« > »Billboard Singles». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. juni 2012. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending APRIL 1, 1967». cashboxmagazine.com. Arkivert frå originalen 5. september 2012. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «Candy Flip – Strawberry Fields Forever». australian-charts.com. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «Candy Flip – Strawberry Fields Forever». ultratop.be. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «Search: 'Strawberry Fields Forever'». irishcharts.ie. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «Candy Flip – Strawberry Fields Forever». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 22. desember 2017. Henta 15. mars 2018.
- ↑ «Strawberry Fields Forever». Official Charts Company. Henta 18 December 2017.
- ↑ Billboard Charts & Research Department (25. august 1990). «Modern Rock Tracks for week ending 25. august 1990». Billboard: 16.
Bakgrunnsstoff
endre8: «Get Ur Freak On» Missy Elliot |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 7 «Strawberry Fields Forever» The Beatles |
6: «What’s Going On» Marvin Gaye |
77: «Mystery Train» Elvis Presley |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 76 «Strawberry Fields Forever» The Beatles |
75: «Whole Lotta Love» Led Zeppelin |
Føregangar «I’m a Believer» The Monkees |
Toppen av VG-lista The Beatles 6 veker, veke 10–15 1967 |
Etterfylgjar «Puppet on a String» Sandy Shaw |