FA-cupfinalen i fotball 2006

FA-cupfinalen i fotball 2006 fann stad på Millenium stadion i Cardiff den 13. mai, med 71 140 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom London-laget West Ham United og Liverpool FC enda etter 120 minutt og påfylgjande straffesparktevling med siger til Liverpool.

KampenEndra

Midtvegs i fyrste omgang kom West Ham i føringa gjennom eit sjølvmål. I det 28. minutt la Dean Ashton på til 2–0, fire minutt seinare reduserte Djibril Cissé til 1–2 . Steven Gerrard skapte balanse i det 54. minutt. Ti minutt etter gav Paul Konchesky West Ham atter leiinga i kampen. I plusstida av andre omgang utlikna Gerrard nok ein gong, då til 3–3.

Lagoppstillingane med Liverpool i raudt

Etter to mållause ekstraomgangar vart oppgjeret avgjort med straffeskyting. Av fire eksekutørar frå kvar av dei to laga stod Liverpool med 3 nettkjenningar og West Ham med 1. For Liverpool skåra Dietmar Hamann, Gerrard og John Arne Riise, berre Teddy Sheringham fann vegen til nettmauskane for West Ham.

Liverpool sitt vinnarlag bestod av: José Manuel Reina, Steve Finnan, Jamie Carragher, Sami Hyypiä, John Arne Riise, Steven Gerrard (kaptein), Xabi Alonso, Mohamed Sissoko, Harry Kewell, Peter Crouch, Djibril Cissé. Kewell vart skadd like etter pause og erstatta av Fernando Morientes. Midtveges i omgangen Jan Kromkamp og deretter Dietmar Hamann i spel, ut gjekk Alonso og Crouch.

West Ham mønstra: Shaka Hislop, Lionel Scaloni, Anton Ferdinand, Danny Gabbidon, Paul Konchesky, Yossi Benayoun, Nigel Reo-Coker (kaptein), Carl Fletcher, Matthew Etherington, Marlon Harwood, Dean Ashton. Bobby Zamora, Christian Dailly og Teddy Sheringham vart bytta inn frå det 71. til det 85. minutt, ut gjekk etter tur Ashton, Fletcher og Etherington.

Alan Wiley var dommar.

KjelderEndra