Fabrizio Donato (fødd 14. august 1976) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar som i hovudsak tevla i tresteghopp, men også i lengdehopp. Han vart europameister i tresteghopp i 2012, og tok OL-bronse same sesongen. Donato har den italienske rekorden i tresteg både utandørs, 17,60 meter, og innandørs (17,73 m).

Fabrizio Donato


Statsborgarskap Italia
Fødd 14. august 1976 (47 år)
Latina
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016, 2018 European Athletics Championships – men's triple jump

Utmerkingar

ridder av Republikken Italias fortjenstorden

Aktiv endre

I juni 2000 sette Donato italiensk rekord med 17,60 meter under eit stemne i Milano, han forbetra dermed Paolo Camossi sin gamle landsrekord med 31 cm. Om hausten same året deltok han i sine fyrste sommarleikar i Sydney, men var langt unna ein plass i finalen. Året etter vann han trestegtevlinga under Mellomhavsleikane med eit hopp på 17,05 m.

I 2002 vart Donato nummer fire under europameisterskapen med 17,15 meter, to cm bak hans årsbeste. Korkje under friidretts-VM 2003 eller OL 2004 nådde han finalen i spesialøvinga.

Han vann tresteg-tevlinga ved Europacupen i friidrett i 2006, med 16,99 meter. Men han klarte ikkje å kome mellom dei tolv EM-finalistane i Göteborg same sesongen. Han deltok både ved Sommar-OL 2008 og VM 2009, begge gongane utan å nå finalen. I 2009 vann han EM innandørs i Torino. Her hoppa han 17,59 meter, ny meisterskapsrekord, og slo toaren Viktor Jastrebov med 34 cm. Ved innandørs-EM 2011 i Paris hoppa Donato heile 17,73 meter, ny italiensk rekord. Med det hoppet sikra han seg sølvmedaljen, franske Teddy Tamgho sette ny innandørs verdsrekord med 17,92 m.

2012-sesongen vart ein jubelsesong for 36 år gamle Donato. Han vann eit suverent EM-gull i Helsingfors med eit vinnarhopp på 17,63, og fem veker seinare tok han i London bronsen i OL-tevlinga etter å ha landa på 17,48 m.

Donato har vunne 13 italienske mestertitlar i friidrett.

 
Fabrizio Donato på Olympiastadion i Helsingfors i 2012, der han vann gullmedaljen i tresteghopp

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre