Opna hovudmenyen
فیصل آباد
Det britiskbygde klokketårnet i Faisalabad
Det britiskbygde klokketårnet i Faisalabad
Styresmakter
Land
Pakistan
Grunnlagd 1890
Geografi
Innbyggjarar
 - By (1998)

2,0 mill.
Koordinatar 31°21′52″N 72°59′40″EKoordinatar: 31°21′52″N 72°59′40″E
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 041

Faisalabad (tidl. Lyallpur) er den tredje største byen i Pakistan, etter Karachi og Lahore. Byen ligg i provinsen Panjab, 110 km vest for Lahore. Han er eit knutepunkt for handel og samferdsel i eit stort jordbruksdistrikt, har eit landbruksuniversitet og fleire høgskular. Byen hadde 1 977 000 innbyggjarar i 1998.

Næringsliv og kommunikasjonEndra

Faisalabad har ein allsidig industri med produksjon av mellom anna tekstilar, kunstfiber, kunstgjødsel, legemiddel, hermetikk, såpe og næringsmiddel som ghi (klarna smør). I landbruksområda rundt dyrkar ein bomull, kveite, frukt og grønsaker.

Faisalabad er eit knutepunkt for vegar og jernbane. Faisalabad internasjonale lufthamn ligg ei mil utanfor sentrum.

SogeEndra

Byen blei grunnlagd av britane i 1890, med namnet Lyallpur etter Sir Charles James Lyall. I 1979 endra han namn til Faisalabad, etter kong Faisal av Saudi-Arabia.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Faisalabad
  Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.