Falun og Kopparbergslagen
Falun og Kopparbergslagen er eit område som omfattar det historiske industrilandskapet kring Falun og Stora Kopparberget i Sverige. Falun og Kopparbergslagen er teke med på UNESCO si liste over verdsarv, frå den 13. desember 2001. Verdsarvkomiteen si grunngjeving for å ta med området på lista var:
Falu koppargruve | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 25. sesjon i 2001. Referansenr. 1027. | |||
Kriterium: | KULTUR (II)(III)(VI) | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Norden | ||
Bakgrunnsstoff | Falun og Kopparbergslagen ved unesco.org |
- «Det historiske industrilandskapet kring Stora Kopparberget og Falun utgjer eit av dei fremste områda for gruveverksemd og metallproduksjon. Gruvedrifta tok slutt mot slutten av 1900-talet, men har gjennom mange hundre år hatt sterk innflytting på teknisk, økonomisk, sosial og politisk utvikling i Sverige og Europa.»
Kopparbergslagen var ein del av Dalabergslagen og vart utgjort av sokna Aspeboda, Enviken, Vika med Hosjö, Stora Kopparberg, Sundborn, Svärdsjö med Svartnäs, og Torsång i tillegg til Falu stad (by), sjå Falun. Alle desse sokna utanom Torsång inngår i dag i Falu kommun. Til kommunen høyrer òg Bjursås i Övre Dalarna.