Fanastølen

veg i Bergen kommune
Fanastølen
Strekning
Fanastølen
Informasjon
Lengd 350 m
Status Kommunal veg
Tilstøytande vegar
Fanavollen

Fanastølen er ein blindveg i Fana bydel i Bergen som går søraustover frå Fanavollen. Vegen er omkring 350 meter lang.

Namnet på vegen vart vedteke i 1976.

Tidlegare låg Fanastøl skole og Fanastøl behandlingshjem i vegen. I dag held Stiftelsen Fanastøl - Institusjoner for barne- og ungdomspsykiatri til i desse lokala.

Fanastølen på Fanafjellet endre

Den tidlegare serveringsstaden Fanaseteren, som hadde ein liten familiepark med hestar og elles ymse dyr og fuglar, låg attmed vegen på det høgste punktet over Fanafjellet i Fana, i eit vakkert og mykje nytta turområde. I dette området har Hordamuseet (ei avdeling av Bymuseet i Bergen) si stølsavdeling med ni stølsbygningar spreidde ikring i terrenget, som kvar fortel si soge om stølsdrift, seterdrift, på fjellet. Dette setermuseet er ein del av turområdet.

Knutepunkt endre

  • Fanavollen
  • Sideveg mot sør (60 m)
  • Sideveg mot sør (70 m)
  • Sideveg mot søraust (230 m)
    • Sideveg mot nord (60 m)
  • Sideveg mot vest (50 m)
  •   Endepunkt - Stiftelsen Fanastøl

Kjelder endre