Kriminalomsorga

(Omdirigert frå Fengselsstyret)

Kriminalomsorga er ein norsk statleg etat som har ansvar for gjennomføring av varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som tryggjer samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Etaten ligg under Justis- og beredskapsdepartementet som eit direktorat.

Kriminalomsorga

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.911830868
Skipa1875
MorselskapJustis- og politidepartementet
HovudkontorLillestrøm
LandNoreg[1]
Nettstadhttp://www.kriminalomsorgen.no/
Fengselet som er kjent frå Olsen-banden-filmene er framleis fengsel – Oslo fengsel avdeling A.

Historie endre

Etaten vart i byrjinga kalla «Fængselsstyrelsen» (seinere skrive «Fengselsstyret») i 1875 og var ei avdeling i Justis- og politidepartementet, leia av ein direktør (som samstundes hadde rang som ekspedisjonssjef). Fengselsstyret vart lagt ned i 2002 og Kriminalomsorgas sentrale forvaltning som seinare vart Kriminalomsorsdirektoratet kom i staden.

Organisering endre

Kriminalomsorga er organisert i eit hierarki som består av tre nivå: Kriminalomsorgsdirektoratet, eit regionalt nivå (leia av ein regiondirektør på 5 stader som driv sakshandsaming) og eit lokalt nivå som vil seie det einskilde fengsel eller friomsorgskontor. Kriminalomsorga fekk i 2014 i oppdrag frå leiinga i departementet å utreie ein ny organisasjonsmodell der det regionale nivået kunne takast bort.

I tillegg kjem òg Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS), der dei som skal arbeide i etaten får utdanninga si.[2]

Fengsel i Noreg endre

Liste over fengsel i Noreg i 2015[3]

I Nederland:

Galleri: Norske fengsel endre

Bilete frå nokre norske fengsel

«Overgangsbolig» endre

Liste over overgangsboliger i Noreg i 2015[3]

Friomsorgskontor i Noreg endre

Liste over friomsorgskontor i Noreg i 2015[4]

  • Agder friomsorgskontor
  • Agder friomsorgskontor, Arendal underkontor
  • Akershus friomsorgskontor
  • Akershus friomsorgskontor, Sandvika underkontor
  • Akershus friomsorgskontor, Ski underkontor
  • Buskerud friomsorgskontor - underkontor Hønefoss
  • Buskerud friomsorgskontor - hovedkontor Drammen
  • Finnmark friomsorgskontor
  • Finnmark friomsorgskontor, Hammerfest underkontor
  • Finnmark friomsorgskontor, Karasjok underkontor
  • Hedmark og Oppland friomsorgskontor
  • Hedmark og Oppland friomsorgskontor, Gjøvik underkontor
  • Hedmark og Oppland friomsorgskontor, Kongsvinger underkontor
  • Hedmark og Oppland friomsorgskontor, Lillehammer underkontor
  • Hordaland friomsorgskontor
  • Hordaland friomsorgskontor, Odda underkontor
  • Hordaland friomsorgskontor, Stord underkontor
  • Møre og Romsdal friomsorgskontor
  • Møre og Romsdal friomsorgskontor, Ålesund underkontor
  • Møre og Romsdal friomsorgskontor, Kristiansund underkontor
  • Nord-Trøndelag friomsorgskontor
  • Nordland friomsorgskontor
  • Nordland friomsorgskontor, Mosjøen underkontor
  • Nordland friomsorgskontor, Narvik underkontor
  • Nordland friomsorgskontor, Rana underkontor
  • Nordland friomsorgskontor, Svolvær underkontor
  • Oslo friomsorgskontor
  • Rogaland friomsorgskontor
  • Rogaland friomsorgskontor, Haugesund underkontor
  • Sør-Trøndelag friomsorgskontor
  • Sogn og Fjordane friomsorgskontor
  • Sogn og Fjordane friomsorgskontor, Sogndal underkontor
  • Telemark friomsorgskontor - hovedkontor Skien
  • Telemark friomsorgskontor - underkontor Notodden
  • Troms friomsorgskontor
  • Troms friomsorgskontor, underkontor Harstad
  • Vestfold friomsorgskontor
  • Østfold friomsorgskontor

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 57155, Wikidata Q7061260 
  2. «Hjem - Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS», www.krus.no, henta 12. mars 2023 
  3. 3,0 3,1 Finn fengsel www.kriminalomsorgen.no
  4. Finn friomsorgskontor www.kriminalomsorgen.no

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kriminalomsorga