Opna hovudmenyen

Ferdamannen var eit norsk vekeblad som kom ut i tida 1865-68, i vel to år. Bladet var det andre som kom ut i nynorsk språkdrakt.

Ferdamannen, «eit Vikoblad aat Aalmugen», kom ut med sitt fyrste nummer i Bergen 14. oktober 1865, sju år etter nynorskbladet Dølen kom med sitt fyrste nummer. Henrik Krohn var utgjevar og bladstyrar av Ferdamannen. Krohn skreiv det meste av innhaldet. Mellom skribentane fann ein elles Kristofer Janson, Olav Lofthus, Olav Paulson, Hagbard E. Berner, Aasta Hansteen, John Klæbo og Hans Ross. Lars Holst og Steinar Schjøtt debuterte som nynorskskrivande i Ferdamannen.

På det meste hadde Ferdamannen 550 tingarar, i året 1866. Seinare vart det færre, og bladet kom med sitt siste nummer den 4. januar 1868. Krohn slutta å gje ut bladet då han tapte mykje pengar på det.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok, IV.bandet, 1952-53
  • Allkunne