Lars Holst
Lars Kristian Holst (22. november 1848–31. mai 1915) var ein norsk journalist, redaktør i avisa Dagbladet og aktiv Venstre-mann i dei siste tiåra før og etter 1900.
Lars Holst | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. november 1848 Bergen |
Død |
31. mai 1915 (66 år) |
Yrke | jurist, redaktør, politikar |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Ektefelle | Fernanda Nissen |
Lars Holst på Commons |
Holst var son til ein «Overstuver» i Bergen. Sjølv vart han cand.jur. frå Universitet i Kristiania i 1871. I studietida var han med i krinsen rundt nynorskbladet Ferdamannen og i 1872 skreiv han i bladet Fram, som Olaus Fjørtoft gav ut. Han flytta tilbake til Bergen og var tilsett i Bergens Tidende frå 1873 til 1883. I 1883 tok han over som sjefredaktør i Dagbladet i Kristiania, ei stilling han hadde fram til 1898. Frå denne posisjonen tok han aktivt del i partipolitikken i Noreg.
Frå 1898 var Holst justissekretær ved Kristiania byrett. Samstundes heldt han fram den politiske verksemda, mellom anna som teaterkritikar og politisk skribent i Stavanger Aftenblad. I treårsperioden 1900-03 var han formann i partiet Venstre.
Holst var ei tid gift med Fernanda Nissen. Han døydde i Oslo i 1915.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lars Holst» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2016.