Fingal's Cave
Fingal's Cave er ei sjøgrotte på øya Staffa i Indre Hebridane i Skottland, og ein del av det nasjonale naturreservat eigd av National Trust for Scotland.[1] Ho består av heksagonale basaltsløyler og liknar Giant's Causeway i Nord-Irland og søylene nær Ulva. Desse har oppstått ved avkjøling av varm lava, som seinare har kome fram på grunn av erosjon.[2]
Storleiken, det naturlege kvelvforma taket[3] og ein nifs lyd skapt av ekkoet frå bølgjene, gjer grotta ei kjensle av å vere ein naturleg katedral. Det gæliske namnet Uamh-Binn tyder «melodigrotta».[4]
Grotta vart «oppdaga» av Joseph Banks i 1772.[4][5] Ho vart då kalla Fingal's Cave etter helten frå eit episk dikt av den skotske dikthistorikaren James Macpherson. I irsk mytologi er helten Fingal kalla Fionn mac Cumhaill.
Den romantiske komponisten Felix Mendelssohn vitja grotta i 1829 og skreiv overturen Die Hebriden, ofte berre kalla Fingal's Cave-overturen, inspirert av dei rare lydane i grotta.[4][6] Mendelssohn gjorde slik grotta til ein populær turistdestinasjon.[4][5] Andre kjende personar som vitja grotta på 1800-talet var forfattaren Jules Verne, diktarane William Wordsworth, John Keats og Alfred, Lord Tennyson,[1] og målaren William Turner, som målte «Staffa, Fingal's Cave» i 1832.[7] Dronngg Victoria vitja òg grotta.[1][4]
Ein av dei tidlege songane til Pink Floyd for filmen Zabriskie Point vart kalla opp etter grotta, men ikkje nytta i filmen.[8]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fingal's Cave» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 National Trust for Scotland: Fingal's Cave, arkivert frå originalen 19. juni 2006, henta 21. februar 2010
- ↑ Formation of basalt columns / pseudocrystals, arkivert frå originalen 11. april 2017, henta 21. februar 2010
- ↑ The Internet Guide to Scotland
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Show Caves of the World
- ↑ 5,0 5,1 Caves and Caving in the UK[daud lenkje]
- ↑ Galveston Symphony Program Notes: Mendelssohn, arkivert frå originalen 19. mai 2006, henta 21. februar 2010
- ↑ The Art Archive, JM Turner
- ↑ "Unreleased Pink Floyd material" The Pink Floyd Hyperbase.