Finnkvalfamilien
pattedyrfamilie
(Omdirigert frå Finnkvalar)
Finnkvalfamilien (Balaenopteridae) eller røyrkval er ein familie av bardekvalar. Finnkvalar har både ein velutvikla ryggfinne og bukfòrer. Familien femnar om to slekter, Balaenoptera og Megaptera, med i alt ni artar:[1] blåkval (B. musculus), finnkval (B. physalus), seikval (B. borealis), brydekval (B. brydei og B. edeni), vågekval (B. acutorostrata), Balaenoptera bonaerensis, Balaenoptera omurai og knølkval (Megaptera novaeangliae). Artane i familien har vore naturgrunnlaget for moderne kvalfangst med harpunkanon.
Finnkvalfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Parvorden: | Bardekvalar Mysticeti |
Overfamilie: | Balaenopteroidea |
Familie: | Finnkvalfamilien Balaenopteridae Gray, 1864 |
- «finnkvalar» omdirigerer hit. For arten, sjå finnkval.
Kjelder
endre«finnhvaler» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 13. juli 2017.
- ↑ Sasaki, Takeshi; Nikaido, Masato; Wada, Shiro; Yamada, Tadasu K.; Cao, Ying; Hasegawa, Masami; Okada, Norihiro (2006). «Balaenoptera omurai is a newly discovered baleen whale that represents an ancient evolutionary lineage». Molecular Phylogenetics and Evolution 41 (1): 40–52. PMID 16843687. doi:10.1016/j.ympev.2006.03.032.