Fjæreplytt

fugleart

Fjæreplytt eller fjøreplytt (Calidris maritima) er ein fugl i snipefamilien som held til i kystområde på den nordlege halvkula, i Europa, Asia og Russland.

Fjæreplytt
Fjæreplytt Foto: Andreas Trepte
Fjæreplytt
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Kartet viser utbreiinga til fjæreplytt. Fuglen hekkar i gule område, overvintrar i blå og held til i grøne område heile året.
Kartet viser utbreiinga til fjæreplytt. Fuglen hekkar i gule område, overvintrar i blå og held til i grøne område heile året.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Fjæreplytt C. maritima
Vitskapleg namn
Calidris maritima

Skildring

endre

Hannfuglen og hoa er like store, omtrent 22 cm. Han er mellom myrsnipa og polarsnipa i storleik. Fuglen er tettbygd og kortbeint. Vinter- og sommardrakta er omtrent like. Han er mørkegrå og brun over heile kroppen, bortsett frå buken, som er kvit. Føtene er gule. Fjæreplytten har eit langt, litt bøygd nebb som er mørkebrunt, men gult ved rota. Fuglen har ein mørk flekk ved auget, og ein tilsvarande større flekk ved øyret. Han kan skiljast frå myrsnipa ved at han ikkje har ein svart bukflekk.

Fjæreplytten er også svært lite sky. Han er mest talrik i Nord-Noreg. Fuglen liker seg i vegetasjonsfattige område i låglandet, helst ved vatn.[2]

Formeiring

endre
 
Fjæreplyttegg

Fjæreplytt hekkar på tundra, på ulike stader i Canada, Nordvest-Europa og på Grønland. Fuglen lager reiret i ei grop fylt med tørre blad og liknande. Hoa legg 3 eller 4 grøne eller lysebrune egg med brune flekkar i juni, og både hannfuglen og hofuglen rugar i til saman ca. 21 dagar. Ungane kan fly 3 veker gamle.

Levevis

endre
 
Fjæreplytt i fjæra i North Carolina.

Fjæreplytt et insekt og smådyr, men òg vegetabilsk føde. Fuglane lever som regel i små flokkar, gjerne i lag med steinvendarar.

Om vinteren trekker mange fuglar sørover frå hekkestadene til isfrie område langs atlanterhavskysten. Dei dreg sjeldan lengre sør enn North Carolina i USA eller Nord-Portugal i Europa. Dei fleste fuglane i Noreg overvintrar, men nokre trekker sørover til andre nordsjøkystar.

Kjelder

endre
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av fjæreplytt Calidris maritima for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjæreplytt