Opna hovudmenyen

Fjøløy fyrstasjon er eit fyr som ligg i Rennesøy kommune nord for Stavanger.

Fjøløy fyrstasjon
Fjoeloey fyrstasjon.jpg
FylkeRogaland
KommuneRennesøy
FunksjonLeifyr
Oppretta1849
Koordinatar59°05.3368′N 5°34.1274′EKoordinatar: 59°05.3368′N 5°34.1274′E
Fyrtårn
Høgd8,2
FormLyktehus på søyle
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterTo okkulterande glimt
Lyshøgd17,5 moh
Lysvidde13,3 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1977
Avfolka1977
Fjøløy fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Fjøløy fyrstasjon

Det vart bygd i 1849 og automatisert i 1977. Næraste nabo er Utstein Kloster på naboøya Klosterøy og vert derfor lett oversett av turistar. Fyret ligg vakkert til ved Kvitsøyfjorden og det er utsikt nord til Karmøy, vest til Kvitsøy og sørover til Tungenes og Randaberg. Det er òg fine høve for fuglekikking.

Det var sildefiskeria på midten av 1800-talet som gjorde at folk pressa på for å få bygt fyr her. I 1849 vart ikkje mindre enn åtte nye fyr sett i drift på strekninga frå Bergen til Stavanger. Fyret brann berre om nettene under sildefisket dei første åra. Sjølve fyrhuset målte 2,5x2,5 m. Det var ein bonde i nærleiken som stod for drifta. Snart kom det krav om å forlenge drifta, og i 1852 vart fyret drifta i sju månader og seinare, i 1855, ti månader. Fyret låg i seglingsleia til byen og var veldig viktig for ferdsla. I 1866 sette Fyrvesenet opp eit 70 m² stort hus som bustad for fyrvaktaren. Huset låg tett ved fyrlykta. I 1954 vart det bygd eit fyrtårn i betong og ny bustad for fyrvaktaren nedanfor sjølve lykta. Fyrvaktaren har i fritida laga ein kjøkkenhage rett ved huset. For at hagen skulle ligge i livd vart det bygd ein mur av stein rundt hagen.

Bygningane er stengt for publikum, men ein kan vandre fritt i området rundt.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Andre kjelderEndra