Fjellbirkeland
Fjellbirkeland er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på høgdedraget søraust for Myrdalsvatnet.
Fjellbirkeland | |||
stad | |||
Fjellbirkeland
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5226 NESTTUN | ||
Gardnummer | 56 | ||
Ferdselsårer | Fv183 Totlandsvegen | ||
Wikimedia Commons: Fjellbirkeland |
Garden var opphavleg ein del av storgarden Birkeland før han vart skilt ut som eigen gard. Han fekk dette namnet for å skilje han frå Kirkebirkeland som ligg lenger vest. Garden høyrte til Lyse kloster fram til brukarane vart sjølveigarar i 1873-1875. Her er framleis gardsdrift.
Forskingsadministratoren Erling Fjellbirkeland (1911-1986), som mellom anna medverka sterkt til opprettinga av Studentsamskipnaden i Oslo, Statens Lånekasse og Universitetsforlaget, var fødd og oppvaksen på garden. Fjellbirkeland studentby på Kringsjå i Oslo har namn etter han.
Geografi
endreFjellbirkeland ligg på høgda søraust for Myrdalsvatnet langs vegen som går innover mot Totland. I søraust ligg Stignavatnet.
Garden grensar til Myrdal i nordvest, Ljosvold i sørvest, Øvre Sandven og Stigen i sør, Hedno i søraust og Nedre Totland i nordaust.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.