Ljosvoll
(Omdirigert frå Ljosvold)
Ljosvoll eller Ljosvold er ein liten gard i Fana i Bergen. Garden ligg i ein trong dal på austsida av Birkelandsfjellet.
Ljosvoll | |||
stad | |||
Landskap ved Ljosvold
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5226 NESTTUN | ||
Gardnummer | 55 | ||
Ferdselsårer | Fv183 Totlandsvegen | ||
Wikimedia Commons: Ljosvold |
Namn
endreNamnet kjem av det norrøne Ljósivǫllr som tyder 'den lyse vollen'.
Historie
endreGarden har vore kjend sidan om lag 1590 og høyrte då til presteembetet i Fana kyrkje. Garden var lenge ein øydegard. Sidan 1861 har brukarane på garden vore sjølveigarar.
Geografi
endreLjosvoll ligg i ein trong dal, om lag 200 meter over havet, mellom Birkelandsfjellet i aust, Ljosvollvarden (297 moh) i sørvest og høgdene på vestsida av Stignavatnet i aust. Berre ein smal grusveg fører opp til garden
Garden grensar til Myrdal i nordvest, Valle i vest, Hatlestad i sør, Øvre Sandven i sørvest og Fjellbirkeland i aust og nordaust.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.