Kirkebirkeland er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på sørsida av Birkelandsvatnet og nord for Vallaheiane

Kirkebirkeland
stad
Kirkebirkeland sett frå Øvsttun. Området er husa i åssida midt i bilete.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5227 NESTTUN
Gardnummer 50
Kart
Kirkebirkeland
60°18′06″N 5°22′41″E / 60.30172°N 5.378065°E / 60.30172; 5.378065
Wikimedia Commons: Kirkebirkeland

Garden har fått namnet sitt etter kyrkja som låg her før, Birkeland gamle kyrkje, for å skilje garden frå Fjellbirkeland som ligg lenger aust. Garden var truleg opphavleg ein del av storgarden Birkeland, som truleg vart delt alt i vikingtida. Sidan mellomalderen høyrte garden til presteembetet ved Birkeland kyrkje, og seinare embetetet ved Fana kyrkje. Brukarane på garden vart sjølveigarar i 1855.

Geografi endre

Kirkebirkeland ligg på sørsida av Birkelandsvatnet og like vest for Birkelandsfjellet langs Osvegen frå Nesttun og like før ein kjem til Vallaheiane.

Garden grensar til Ulsmåg og Øvre Dyngeland i nord, Lilletvedt i nordvest, Smørås i vest, Valle i sør og Myrdal i aust.

Kjelder endre