Opna hovudmenyen
Fjesing
Fjesing
Fjesing
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Trachinoidei
Familie: Trachinidae
Slekt: Trachinus
Art: Fjesing T. draco
Vitskapleg namn
Trachinus draco
Fjesing

Fjesing (Trachinus draco) er ein fisk som blir opp til 40 cm, men sjeldan over 20-30 cm. Han finst frå Vest-Afrika og Middelhavet, til Trondheimsfjorden og inn i den sørlege Austersjøen. Han er vanleg langs kysten sør i Noreg, og er observert nord til Trondheimsfjorden.

Fjesing
Namn på andre språk
NorrøntFjǫrsungr
SvenskFjärsing
DanskFjæsing
EngelskGreater weever
TyskPetermännchen, Gewöhnliches Petermännchen, Großes Petermännchen
FranskGrande vive
SpanskPez escorpión, pez araña, faneca brava
RussiskMorskoj drakontsjik

Fjesing har giftige piggar og er farleg også for menneskje. Fisken grev seg ned i sanden, og det hender at badande trakkar på han og bli stukke. Fiskarar er også utsett. Når ein vert stukke skal ein reinse såret og putte den kroppsdelen som har blitt stukke, i vatn, ca 40-45 °C. Giftstoffa vert øydelagd av varmen. Blodet må få renne fritt ut av såret. Innan 45 minutt bør smerta vere på retur. Dersom hevinga eller smertene forsvinn og så kjem attende, bør du gå til lege. Det har vore observert tilfelle der fjesingstikk har ført til amputasjon, og til og med død, men det er svært uvanleg.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Når du blir stukke
SNL om fjesing om helserisiko

  Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
  Denne biologiartikkelen som har med dyr å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.