Luftvern

forsvarstiltak
(Omdirigert frå Flak)

Luftvern er tiltak til vern mot truslar ført fram gjennom lufta. Luftvern er ofte ei våpenart i ein forsvarsgrein (som regel hæren eller flyvåpenet) eller ei separat forsvarsgrein.

Tyske soldatar ved ein luftvernskanon i Noreg eller Finland under andre verdskrigen.
Foto: Bruno Plenik
Stormer HVM luftvernvogn

Luftvern hadde sin byrjing under første verdskrigen i form av kanonar på bakken brukt mot fly. Under andre verdskrigen tok ein òg i bruk rakettar og flaktårn. I dagens luftvern nyttast styrte rakettar, altså luftvernsmissil, i større og større utstrekking. I tradisjonell forstand har luftvern verna mot luftåtak i form av flymaskinar eller helikopter, men i dagens fortolkning og kapasitetar omfattar det eit vidare spekter truslar, som taktisk ballistiske missil, kryssarmissil og umanna luftfarkostar (dronar). Sjå NASAMS for nærare forklaring.

I ein vidare definisjon omfattar òg luftvernsomgrepet fly og luftovervakingssystem (kontroll- og varslingsstasjonar), i tillegg til bakkebasert luftvernartilleri, men då vil begripe «integrert luftforsvar» vera meir dekkande.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre