Flesh and Blood
Flesh + Blood Studioalbum av Roxy Music | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. mai 1980 | |
Innspelt | 1979–80 | |
Studio | Basing Street Studios i Gallery Studios | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:56 | |
Selskap | E.G. Atco/Reprise (USA) | |
Produsent | Rhett Davies og Roxy Music | |
Roxy Music-kronologi | ||
---|---|---|
Manifesto (1979) |
Flesh + Blood | Avalon (1982)
|
Singlar frå Flesh + Blood | ||
|
Flesh and Blood (skriven Flesh + Blood) er det sjuande studioalbumet til Roxy Music, gjeven ut i juni 1980. Albumet nådde toppen av den britiske albumlista ei veke i juni og så igjen i august for tre nye veker. Totalt låg det 60 veker på den britiske albumlista. Det nådde 35. plassen i USA, tiandeplassen i Australia og sjetteplassen i Noreg.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Robert Christgau | (B)[3] |
Pitchfork Media | (6.6/10)[4] |
Smash Hits | 6½/10[5] |
Før albumet kom ut, kom singelen «Over You», som nådde femteplassen i Storbritannia og 80. plassen i USA. To singlar til følgde: «Oh Yeah» (femteplassen i Storbritannia) og «Same Old Scene» (12. plassen i Storbritannia, 35. plassen i Australia). Flesh + Blood inneheldt òg to coverversjonar: The Byrds sin «Eight Miles High» og Wilson Pickett sin «In the Midnight Hour». Sistnemnde vart gjeven ut på singel i enkelte område. «Eight Miles High» nådde 46. plassen på Billboard dance-lista i USA.[6]
Albumet vart laga etter at trommeslagar Paul Thompson gjekk frå bandet, så på denne tida var det berre tre medlemmar att i Roxy Music: Bryan Ferry, Andy Mackay og Phil Manzanera.
Plateomslag
endrePlateomslaget vart laga av Peter Saville og fotografert av Neil Kirk. Det syner tre unge kvinner som held spyd (to er på framsida, den siste på baksida). Saville arbeidde utan input frå Ferry eller resten av bandet, men fortsette tradisjonen frå tidlegare Roxy Music-album med å avbilde kvinner på framsida. Modellane på framsida er Aimee Stephenson (fremst) og Shelley Mann. Modellen på baksida er Roslyn Bolton (med modellnamnet Ashley).
Mottaking
endreFlesh and Blood fekk blanda kritikk då det kom ut. Ken Tucker avskreiv albumet heilt i Rolling Stone: «Flesh + Blood er ei så sjokkerande dårleg Roxy Music-plate at det skapar ein viss fascinasjon. Linja hos det tidlege Roxy (då Eno var medlem) var at bandet utstrålte høgteknologisk dekadanse, og Flesh + Blood har eit band til denne historiske tolkinga ved å stadfeste den dekadente sida. Til dømes, kva kan vere sprøare akkurat no enn eit kunst-rock-disco-album?»[7] David Hepworth skreiv i Smash Hits og sa «Opphavlege fans av bandet kan synast at det har lite karakter og få overraskingar medan dei som elskar den mektige 'Over You' bør like den modne, silkeaktige sjarmen.»[5] Greil Marcus likte albumet: «Denne plata, all grasiøs begjær og trist anger, er rein romantikk. Det er òg den beste sommarmusikken nokon har laga sidan oljesøl byrja å undergrave konseptet ... Flesh + Blood flyt; det driv; det forsvinn; det svevar attende. Det fangar dei endelause, enkle løfta til sumaren, og det fangar sumaren du aldri har komen over; det fungerer som roande, tankelaus bakgrunnsmusikk, og det kan knuse hjartet ditt. Som ein perfekt julidag stiller det ingen krav til ein lyttar, men det kan gje ein lyttar alt.»[8]
New Rolling Stone Record Guide gav albumet tre stjerner og sa «Manifesto og Flesh + Blood, som kom ut etter bandet hadde vore oppløyst mellom 1976 og 1978, var gode kvar for seg, men dei mangla gnisten som gjorde dei tidlegare albuma så store.»[9] Stephen Thomas Erlewine skreiv «sjølv i ei handfull unekteleg sterke augneblikk, kan ein ikkje få bort kjensla av at Roxy Music byrja å gå tom for idear.»[10] Pitchfork gav albumet 6.6 (det lågaste av alle Roxy Music-studioalbum) og skreiv «Men det seinare materialet deira er ikkje alltid verdt det . Det er augneblink på særleg Flesh + Blood frå 1980 der bandet bandet slutta å høyrast ut som dei var trøytte og byrja å høyrast ut som dei keia seg, ein fatal skilnad.»[4]
Turné
endreLitt over halvparten av albumet er blitt spelt på konsertane til bandet, hovudsakleg på turneen som følgde albumet, «Roxy Music Flesh + Blood» i 1980-81. Nokre konsertar under turneen måtte avlyast då Ferry fekk ein nyre-infeksjon. Bandet framførte «Jealous Guy» etter at John Lennon vart myrda. Bandet spelte seinare inn denne hylleste og gav han ut på singel.[11]
Innhald
endreAlle songar skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «In the Midnight Hour» (Wilson Pickett, Steve Cropper) | 3:09 |
2. | «Oh Yeah» | 4:51 |
3. | «Same Old Scene» | 3:57 |
4. | «Flesh and Blood» | 3:08 |
5. | «My Only Love» | 5:18 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Over You» (Ferry, Phil Manzanera) | 3:27 |
2. | «Eight Miles High» (Gene Clark, David Crosby, Roger McGuinn) | 4:55 |
3. | «Rain Rain Rain» | 3:20 |
4. | «No Strange Delight» (Ferry, Manzanera) | 4:44 |
5. | «Running Wild» (Ferry, Manzanera) | 5:03 |
Medverkande
endre- Roxy Music
- Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, piano, synthesiser (på spor 4), gitar (på spor 4) og strykarar (på spor 5)
- Andy Mackay – saksofonar, obo
- Phil Manzanera – gitar, bass (på spor 6)
- Andre medverkande
- Paul Carrack – strykarar (på spor 2), orgel, piano (på spor 10)
- Neil Hubbard – gitar (på spor 1, 2, 5 og 7–10)
- Neil Jason – bass (på spor 2, 7 og 9)
- Andy Newmark – trommer (på spor 4 og 5)
- Simon Phillips – perkusjon (på spor 5)
- Allan Schwartzberg – trommer (på spor 1-3 og 6–10), perkusjon (på spor 4 og 5)
- Alan Spenner – bass (på spor 3–5, 8 og 10)
- Gary Tibbs – bass (på spor 1)
Salslister og salstrofé
endre
|
|
Salstrofé og salstal
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[13] | Gull | 35 000^ |
Belgia (BEA)[13] | Gull | 25 000* |
Frankrike (SNEP)[14] | Gull | 253,100[15] |
Tyskland (BVMI)[16] | Gull | 250 000^ |
Nederland (NVPI)[13] | Gull | 50 000^ |
New Zealand (RMNZ)[17] | Platina | 15 000^ |
Storbritannia (BPI)[18] | Platina | 300 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flesh and Blood (Roxy Music album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011 og 22. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «allMusic ((( Flesh + Blood > Review )))». AllMusic. Henta 18. juli 2021.
- ↑ Brackett, Nathan. «Roxy Music». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. pg. 705, cited 18. juli 2021
- ↑ Christgau, Robert. «Roxy Music». robertchristgau.com, Henta on 18. juli 2021.
- ↑ 4,0 4,1 «Roxy Music». Pitchfork. Henta 18. juli 2021.
- ↑ 5,0 5,1 Hepworth, David. «Albums». Smash Hits (12–25. juni 1980): 31.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974–2003. Record Research. s. 223.
- ↑ Ken Tucker (4. september 1980). «Roxy Music Flesh + Blood Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. november 2016. Henta 18. juli 2021.
- ↑ «Real Life Rock (07/28/80)». GreilMarcus.net. Henta 18. juli 2021.
- ↑ Marsh, David. «Roxy Music». The New Rolling Stone Album Guide. October 1983. pg. 437
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Flesh + Blood». AllMusic. Henta 18. juli 2021.
- ↑ «Roxy Music - Tours - on VivaRoxyMusic.com». Henta 18. juli 2021.
- ↑ «Number 1 Albums – 1980s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 27. juni 2011.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 «International Certifications» (PDF). Cash Box. 1. november 1980. s. 39. Henta 14. september 2020 – via World Radio History.
- ↑ «French album salstrofé – Roxy Music – Flesh and Blood» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique.
- ↑ «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 31. august 2011.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Roxy Music; 'Flesh and Blood')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «New Zealand album salstrofé – Roxy Music – Flesh and Blood». Recording Industry Association of New Zealand.
- ↑ «British album salstrofé – Roxy Music – Flesh and Blood». British Phonographic Industry. Enter Flesh and Blood in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go