Manifesto av Roxy Music
Manifesto Studioalbum av Roxy Music | ||
Utgjeve | 1. mars 1979 | |
Innspelt | 1978-1979, Ridge Farm Studio, Rusper i England; Basing Street Studios, London | |
Sjanger | Poprock, New Romanticism | |
Lengd | 42:33 | |
Selskap | E.G./Polydor/Atco (original LP) E.G./Polydor/Reprise (original CD) EMI/Virgin (remastered CD) | |
Produsent | Roxy Music | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Roxy Music-kronologi | ||
Roxy Music Greatest Hits (1977) |
Manifesto | Flesh and Blood (1980) |
Manifesto er det sjette studioalbumet av Roxy Music, og kom ut i 1979 på E.G. i Storbritannia, Polydor i Europa og Atco i USA.
Albumet kom ut etter ein nesten fire år lang pause og var det første studioalbumet deira sidan Siren i 1975. Den første singelen frå Manifesto var «Trash», som berre så vidt nådde britiske Topp 40.[4] Den andre singelen, den disco-aktige «Dance Away», førte bandet opp til 2. plass og vart ein av dei største hittane deira. Songen vart òg gjeven ut som ein 12" utvida versjon (på over seks og eit halvt minutt), eit format som hadde byrja å verte populært mot slutten av 1970-åra. Den tredje singelen frå albumet var ein nymiksa versjon av «Angel Eyes», som òg vart gjeven ut i ein lang 12"-miks og som nådde Topp 5 i Storbritannia i august.[4]
Albumet nådde 7. plass i Storbritannia[4]. Plateomslaget syner eit bilete av mange mannekengar laga av Bryan Ferry og motedesigner Antony Price.
InnhaldEndra
Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Manifesto» | Ferry, Phil Manzanera | 5:29 |
2. | «Trash» | Ferry, Manzanera | 2:14 |
3. | «Angel Eyes» | Ferry, Andy Mackay | 3:32 |
4. | «Still Falls the Rain» | Ferry, Manzanera | 4:13 |
5. | «Stronger Through the Years» | 6:16 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Ain't That So» | 5:39 | |
7. | «My Little Girl» | Ferry, Manzanera | 3:17 |
8. | «Dance Away» | 4:20 | |
9. | «Cry, Cry, Cry» | 2:55 | |
10. | «Spin Me Round» | 5:15 |
MedverkandeEndra
- Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument
- Andy Mackay – obo, saksofon
- Phil Manzanera – elektrisk gitar
- Paul Thompson – trommer
- Paul Carrack – klaverinstrument
- Alan Spenner – bass
- Gary Tibbs – bass
Andre medverkandeEndra
- Rick Marotta – trommer
- Steve Ferrone – trommer
- Richard Tee – piano
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Manifesto (Roxy Music album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( Manifesto > Review )))». Allmusic. Henta 6. april 2011.
- ↑ Brackett, Nathan. "Roxy Music". The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 705
- ↑ Christgau, Robert. "Roxy Music". robertchristgau.com, Henta 6. april 2011.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «UK Top 40 Hit Database». Henta 6. april 2011.