Fletting

(Omdirigert frå Fletteteknikk)

Fletting er ei regelmessig samanslynging av bøyelege trådar, band, strå, vidjer og liknande.[1] Ei flette er ei trådforma samling av tre eller fleire lengder fleksibelt materiale som er lagt kring kvarandre (fletta) i eit slikt diagonalt overlappande mønster. Teknikken blir brukt blant anna til å laga hårfrisyrar, tau, trosser, kablar og flettverksgjerde og dessutan i korgfletting, rundfletting og stråfletting. Eit tau som er fletta er meir bøyeleg enn eit like tjukt tau som er tvinna.[1]

Fletting med tre band.
Fletting med fire band.
Fletting av kommagband med fleire trådar.
Flettverk av stivare materiale.

I motsetnad til veving der vevnaden blir danna av to ulike trådsett (renning og islett) som står vinkelrett på kvarandre, føregår fletting ved at dei enkelte trådane kryssar over og under kvarandre anten fram og tilbake i ei flat flette eller i motsette retningar i ei rund flette. Fletting er eldre enn veving, og er rekna som eit sannsynleg opphav til veveteknikken.

Framgangsmåtar endre

Den enklaste framgangsmåten brukar tre snorer. Desse legg ein samla med ein snor til den eine sidan og to til den andre. Så legg ein den ytste av dei to snorene over den andre og innanfor snora på den andre sida. Deretter gjentek ein flettinga frå andre sida. Dette gjentek ein med den ytste snoren frå annakvar side.

Om ein bruker fleire snorer til å fletta kryssar desse over kvarandre fram og attende. Dette kan ein gjera på mange måtar frå enkle flate fletter til kompliserte mønster som ved japansk kumihimo, færøsnor (tólvtáttaband med 12 snorer), firkantsnorer med 8, 12 og fleire trådar, og kinesiske fletter med 16 snorer.[2] Teknikken blir òg brukt til kunstverk med meir eller mindre regulære fletter, ofte med andre gjenstandar tredd inn på snorene.

 
Trinnvis framstilling av korleis ein lagar ein fletta av tre snorer
 
Flettar laga av tre, frie, fem og seks snorer

I runde fletter går fleire grupper trådar i spiral moturs og medurs annankvar gong over kvarandre som i ein vev. Runde fletter blir brukte for trosser, tau og kabel, særleg til klatretau og riggtau på seglbåtar fordi fletta tau ikkje vrir seg ved belasting slik eit snodd tau vil gjera. Rund fletting blir òg for brukt skjerming av kablar fordi dette gjev betre høgfrekvenseigenskapar enn snodd trådskjerm.

Fletting av hår endre

Hårfletter blir gjerne laga som ei eller fleire enkle flettar av tre grupper hår. Meir kompliserte variantar er vanleg eller invertert fiskeflette (nakkeflette, parisarflette) som gradvis flettar inn meir og meir av håret, mange små fletter ut frå eller langs hovudbotnen, eller fletter med meir enn tre delar.

Fletting av hestehår endre

Man og hale på hestar kan flettast av praktiske eller estetiske grunnar, eller ei blanding av desse.

Fletting av tekstil endre

Trådar kan flettast til dekorative band ein kan bruka for seg eller som del av større produkt. Ein kan til dømes fletta belte og pynteband, som samiske kommagband[3] eller den fransk-kanadiske beltetradisjonen ceinture fléchée. Skosnøre er ofte fletta.[4] Flate fletter kan brukast som border på kantar, saumar og pynt på klede, gjenstandar og interiørtekstil. Soutache er ein fletteteknikk som ofte blir brukt til slik dekorasjon. Ein kan også sy fletter av tøyremser saman til matter.[5]

Fletting av plantemateriale endre

Fleire lange, bøyelege plantedelar kan flettast til gjenstandar. Materiale som halm, siv, palmeblad og ulike plantefibrar kan flettast til ulike føremål. Ein kan anten fletta lange band som ein festar saman til det ein vil laga,[6] eller forma det ein lagar medan ein flettar. Sistnemnde metode har mykje til felles med korgfletting og veving.[7]

Ein kan også fletta levande plantar. Dette blir brukt ein del innan hagebruk, der ein flettar tre og buskar for dekorasjonsføremål.

Mat endre

Ein kan bruka fletting som teknikk til å lagra ein del matslag, eller for å få maten til å sjå dekorativ ut. Kvitlauk kan til dømes lagrast ved at ein flettar saman stilkane. Elles kan ein fletta deig og andre mjuke strimlar før ein steiker eller serverer dei. Dette blir mellom anna brukt til brød som fletteloff, challa og paska.

Fiskeflette er ein matrett der filetstrimlar, gjerne av ulike fiskeslag, blir fletta før oppvarming.[8]

Andre tydingar endre

  • Fletting ved at to dokument, til dømes eit brev og ei adresseliste, blir fletta i ein ordbehandler for å produsera ei rekkje adresserte brev.
  • Flettesortering, programalgoritme basert på fletting av to og to lister
  • Fletting i landskapsarkitektur ved at ulike element blir repeterte i eit fletteliknande mønster
  • Flettesting, ein type sting innan broderi.

Galleri endre

Sjå òg endre

Hårfrisyrar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Rosvold, Knut A. (22. desember 2019). «fletting». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Fletter». Arkivert frå originalen 25. oktober 2008. Henta 1. mars 2008.  Snorer og bånd – Fletter fra HIA
  3. «Oppgave: Fletting med fire tråder», duodji (på norsk bokmål), 4. april 2010, henta 26. juni 2021 
  4. «Ian's Shoelace Site – Shoelace Construction», www.fieggen.com, henta 26. juni 2021 
  5. «Braiding | textiles», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 26. juni 2021 
  6. Do You Know Yeddo? | The Straw Shop (på engelsk), henta 27. juni 2021 
  7. «The Project Gutenberg eBook of Straw Hats, Their History and Manufacture, by Harry Inwards.», www.gutenberg.org, henta 27. juni 2021 
  8. snikgjest.no (26. august 2015), «Fiskeflette av steinbit og laks med persilleolje», Snikgjest (på norsk bokmål), henta 26. juni 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fletting