Flokkdyr
Flokkdyr er dyr som har som naturleg levevis å leva saman i større grupper. Flokkdanninga er ein overlevingsstrategi som blir nytta både av rov- og byttedyr, og det finst mange døme blant fuglar, fiskar og pattedyr. Grupper av dyr kan omtalast med ulike namn, avhengig av dyretype, som flokk, bøling, hop, klynge, rei, skare, stim eller sverm.
Å leva i flokk kan gje fordelar, som til dømes at mange individ er på vakt mot farer, at ein samla kan verna seg mot andre dyr, eller at ein kan samarbeida innan flokken, slik flokkar av rovdyr som til dømes ulv og løver gjer i jakt på bytte. Flokkdyr har gjerne mange ulike måtar å kommunisera på, og ordnar seg ofte i hierarki.
Svært mange husdyr, som til dømes hest, hund, kyr, geit, sau, høns, er flokkdyr. Flokkinstinktet gjorde at dei kunne temjast i si tid, og gjer dei lette å gjeta.
Døme på flokkdyr
endreBlant pattedyr:
- Elefantar
- Dei fleste hundedyr, som afrikansk villhund, dhol, hund og ulv
- Hest
- Kvalar og delfinar
- Kvegdyr som antilope, bison, geit, sau og storfe
- Primatar, som menneske og sjimpanse
- Reinsdyr
Blant fiskar (stimfisk):
Blant fuglar:
Kjelder
endre- elefanter, snl.no
- - Homofile bra for flokken[daud lenkje], forskning.no
- Sjelebot i fjøset Arkivert 2008-04-06 ved Wayback Machine., forskning.no
- Torsken kan gjenoppstå Arkivert 2013-01-24 ved Wayback Machine., forskning.no
- Taper på å fly i flokk Arkivert 2013-01-24 ved Wayback Machine., forskning.no
- Sau – et flokkdyr uten leder Arkivert 2012-04-22 ved Wayback Machine., bjorneparken.no
- Ulv (Canis lupus), nhm.uio.no
- Visste du at reinen er et flokkdyr Arkivert 2013-09-24 ved Wayback Machine., naturoppsyn.no