Florence Farr

britisk skodespelar

Florence Beatrice Emery, fødd Farr, (7. juli 186029. april 1917) var ein britisk West End-skodespelar, komponist og regissør. Ho var òg ein kvinnerettsaktivist, journalist, pedagog, songar, forfattar og dessutan leiare for den okkulte ordenen Golden Dawn.

Florence Farr

Fødd7. juli 1860
FødestadBromley
Død29. april 1917 (56 år)
DødsstadColombo
FødenamnFlorence Beatrice Farr
Verka somskodespelar, okkultist, romanforfattar, skodespelforfattar, skribent, sceneinstruktør
FarWilliam Farr

Farr var ein gang elskarinna til dramatikaren George Bernard Shaw. Ho var venn og samarbeidspartnar med nobelpristvinnaren William Butler Yeats, diktaren Ezra Pound, dramatikaren Oscar Wilde, kunstnarane Aubrey Beardsley og Pamela Colman Smith, mystikaren Arthur Edward Waite, teaterprodusenten Annie Horniman, og mange andre lærde i fin de siècle-krinsane i London. Sjølv om ho ikkje var så kjend som nokre av sine samtidige, var Farr ein førstebølgjefeminist på det seine 1800- og det tidlege 1900-talet. Ho arbeidde mellom anna for røysterett, likskap i arbeidslivet og likt vern under lova for kvinner. Ho skreiv ei bok og mange artiklar i intellektuelle tidsskrift om rettar for «den moderne kvinna».[1]

Kjelder endre

  1. «AIM25 collection description». www.aim25.ac.uk. Arkivert frå originalen 18. april 2018. Henta 15. desember 2015.