Fut
embete og leiar av eit fogderi
(Omdirigert frå Fogd)
Fut (bokmål fogd) var historisk nemninga på ein embetsmann med myndigheit som politi og oppkrevjar av skatt og bøter i eit landdistrikt. I dag blir ordet nytta om nokre offentlege tenestmenn som har til arbeid å driva inn pengar, til dømes skattefut.
Futen kunne vera ein frykta og mislikt makthavar, noko ein ser i folkeeventyr som «Fanden og futen».
Ordsoge
endreBokmålsordet fogd og nynorskordet fut har same opphavet. Fogd kjem gjennom dansk foged og mellomlågtysk voget frå latin (ad)vocatus, '(til)kalla (som juridisk rådgjevar [ordett; tilsnakker])'.[1] Ordet fut med målføreforma faut kjem frå dei norrøne formene foguti, fogutr, fugutr, fouti eller fuviti, som òg er lån frå mellomlågtysk.[2][3]
Sjå òg
endre- Futedømme (bm. fogderi)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fogd» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2005.
- ↑ «fut» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
- ↑ Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
- ↑ Torp 1903: Nynorsk etymologisk ordbok Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-17-4