Drekt (frå lågtysk dracht , 'det ein ber') viser til tida der hopattedyr går med foster inni seg. Omgrepet kan også visa til andre vivipare (levandefødande) dyr, til dømes skorpionar, fløyelsdyr og nokre fiskar. Drekt hjå menneske, ofte kalla svangerskap eller graviditet, er den forma for drekt som er mest studert.

Svangerskap hjå menneske er mykje studert. I moderne medisin er det vanleg å undersøka gravide kvinner med ultralyd.
To brunbjørnar parar seg i Bern dyrehage.

Hoa er drektig frå ei eller fleire eggceller er befrukta til ho føder. Lengda på denne perioden heiter fostertid, og kan variera mykje. Typisk skjer drekt gjennom at ei ho parar seg med ein hann og det skjer indre befuktning. Eitt eller fleire foster kan så byrja utviklinga si, og blir fødd når dei er fullborne. Det finst likevel ei rekkje variasjonar frå dette forløpet, både når det gjeld befrukting, drektforløpet og avsluttinga av drekta.

Forløp endre

Starten av drekta endre

 
Teikningar av ei befrukta eggcelle som byrjar dela seg.

Ei typisk drekt startar ved at ei eller fleire eggceller blir befrukta gjennom paring. Befrukta celler byrjar dela seg og skaper ein celleklump, som ved anna kjønna formeiring. Moderne medisin har gjort at ein også kan utføra kunstig befrukting utan paring. Dette kan skje ved inseminering, der ein fører sæd som tidlegare er teken frå ein hann inn i hoa, embryooverføring der befrukta egg blir tekne frå ei ho til ei anna, eller prøverøyrsbefrukting, der egg blir befrukta av sæd utanfor hoa og sidan sett inn i henne.

Ved nokre høve kan egg bli befrukta gjennom fleire paringar. Ein snakkar om superføkundasjon når meir enn eitt egg frå same eggløysingsperiode blir befrukta, og om superfetasjon når egg frå ein annan syklus blir befrukta mens hoa går drektig. Ofte vil egg som er befrukta på denne måten gå i diapause og først byrja utvikla seg etter at den første drekta er ferdig. Sjå forseinka innplanting under.

Innplanting og vidare utvikling endre

 
Eit musefoster på rundt 12,5 dagar, over halvvegs i utviklinga.

Kort tid etter befruktinga plar celleklumpen (blastocysten) festa seg til slimhinna i livmora der han utviklar seg vidare. Etter festinga omsluttar slimhinna det veksande embryoet. Blastocysten veks rundt ein blastocel, eit holrom, omslutta av ein membran kalla zona pellucida.

Hjå nokre dyr treng ikkje blastocysten innplanta seg med ein gong. Hoa kan gå med celleklumpen kvilande (i diapause) på dette stadiet inni seg til det kjem ei betre tid. Slik forseinka innplanting kan gje ei betre utnytting av ressursar eller årstider, og finst både hjå mange pattedyr som lever i nordlege strøk, som mink og rådyr, og blant pungdyr frå den sørlege halvkula. Forseinka innplanting kan også kombinerast med dobbel drekt, der hoer blir drektige på nytt medan dei ber eit kull. Dette er vanleg i pungdyr og er påvist i sørhare.

I placentale pattedyr utviklar det seg ei morkake som er festa til embryoet i ein navlestreng. Cellene utviklar seg i tre forskjellige lag, frå innsida endoderm, mesoderm og ektoderm, som vidare utviklar seg til ulike celletypar og organ.

 
Ei drektig rotte byggjer reir.

Under drekta går næringsstoff av dyr som er drektige til embryoa. Dette gjer at dei treng meir næring enn elles. For lite næring kan føra til abort eller komplikasjonar. I tillegg til å eta meir vil drektige dyr ofte førebu seg til fødselen ved å finna ein trygg stad å føda, kanskje òg byggja reir. Svangre kvinner førebur ofte heimen til ein fødsel gjennom å rydda og vaska, innreia barnerom, skaffa babyutstyr og så bortetter.

Fostertid endre

Fostertida frå befruktinga til fødselen varierer mykje mellom dyreartar. Ho er svært kort hjå pungdyr og småpattedyr (t.d. 12-14 dagar hjå pungrotte, 20 dagar hjå mus), medan ho kan vera svært lang hjå nokre placentale pattedyr (over 20 månader hjå elefant og om lag 16–18 månader hjå kvitt nashorn).

Fosterutviklinga kan føra fram til at dei nyfødde ungane er så utvikla at dei kan gå og klara seg mykje sjølv, som hjå klauvdyr, eller dei kan vera mindre utvikla og hjelpelause ved fødselen, slik ein særleg ser hjå pungdyra men også hjå mus, kattar, hundar og så vidare.

Fostertal endre

 
Katt med seks kattungar.

Talet på foster i eit kull kan variera frå eitt til mange. Han held seg nokså lik innanfor ein art, men kan også der variera, til dømes etter rase/type, individuell storleik og anna. Svært store dyr med lang fostertid (og lang pleietid av ungen etter fødsel) får ofte få ungar om gongen. Dette gjeld til dømes kvalar, elefantar, nashorn, gorilla og menneske. Mindre dyr, flokkdyr og byttedyr får ofte større kull. Typisk vil mange av ungane døy før dei veks opp, medan nokre vil klara seg.

Gjennom avl kan ein favorisera ein viss kullstorleik, slik at til dømes nokre typar sau får fleire lam enn andre. Hjå menneske kan ein auka sjansen for fleirfødsel gjennom hormonbehandling som del av assistert befrukting.

Avbroten drekt endre

Om drekta blir avbroten før fosteret er fullbore, kallar me det abort. Dyr kan abortera på grunn av fosterfeil, dårlege kår eller sjukdom. Ein kan også tvinga fram avbrot dersom drekta av ein eller annan grunn er uønskt.

Innbilt drekt endre

Innbilt drekt, eller skinndrekt, vil seia at ei ho har symptom på svangerskap men ikkje er drektig. Skinndrekt er mellom anna utbreidd blant hundar. Det kan også skje menneske får innbilte svangerskap, men mykje sjeldnare.

Kjelder endre