Fortunate Son
Fortunate Son av Creedence Clearwater Revival frå albumet Willy and the Poor Boys | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Sjanger | Roots-rock, southern rock, bluesrock | |
Lengd | 2:21 | |
Selskap | Fantasy | |
Komponist | John Fogerty | |
Tekstforfattar | John Fogerty | |
Låtskrivar(ar) | John Fogerty | |
Produsent | John Fogerty | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
«Down on the Corner» (1969) |
Fortunate Son | «Travelin' Band» (1970)
|
«Fortunate Son» er ein song av Creedence Clearwater Revival på albumet Willy and the Poor Boys frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i lag med «Down on the Corner» i september 1969.[1] Denne songen nåded 14. plassen på singellista i USA den 22. november 1969, veka før Billboard gjekk bort frå praksisen med å liste begge sidene av ein singel. Denne songen og den andre sida, «Down On The Corner», klatra i lag til niandeplassen veka etter og nådde tredjeplassen tre veker seinare, den 20. desember 1969.[2] Singelen hadde seld til gullplate i desember 1970.[3] Pitchfork Media plasserte songen på 17. plass på lista si over dei 200 beste songane frå 1960-åra.[4]
Opphav
endre
It aint me, it aint me, I aint no senators son.
John Fogerty (1969)
|
Songen vart inspirert av David Eisenhower, barnebarnet til president Dwight David Eisenhower som vart gift med Julie Nixon, dottera til president Richard Nixon, i 1968.[5] John Fogerty sa til Rolling Stone: «Julie Nixon heldt lag med David Eisenhower, og du berre hadde den kjensla av ingen av desse kom til å bli involvert i krigen. I 1968 trudde mesteparten av landet at soldatane hadde høg moral, og 80 % var for krigen. Men somme av oss som følgde nøye med forstod at me var på veg mot trøbbel.»[6]
Andre versjonar
endreSongen har sidan vorte spelt inn eller framført av Bob Seger, La Renga, Gordon Downie and the Country of Miracles, Brandi Carlile, Pearl Jam, U2, Sleater-Kinney, Corrosion of Conformity, Cat Power, The Dropkick Murphys, .38 Special, Circle Jerks, Jeff B.R.I.C.K. & The Mortiboys, Minutemen, Kid Rock, W.A.S.P., Todd Snider og Patty Griffin, Bruce Springsteen, Santana, The Ghost Inside, Scott Stapp, The Screaming Jets, Wyclef Jean og Sleater-Kinney.
I 2013 spelte Fogerty inn ein versjon av songen i lag med Foo Fighters for albumet Wrote A Song For Everyone.
I andre medium
endreSongen vart nytta i introen til spelet Battlefield Vietnam. Songen vart òg nytta i ein trailer for Battlefield: Bad Company 2: Vietnam[7]. I tillegg finst songen i videospela Call of Duty: Black Ops, Homefront, BioShock Infinite og han er spelbar i spelet Rock Band.
«Fortunate Son» vart nytta i filmane Forrest Gump, Live Free or Die Hard og Battleship, i tillegg til ein episode av American Dad!.
Ein coverversjon av songen vert spelt av Lyle Workman mot slutten av den 108. episoden av Sons of Anarchy.[8]
Ein versjon av songen vert nytta i ein reklame for Wrangler.[9][10]
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Danmark (IFPI Danmark)[11] | Gull | 5 000^ |
Italia (FIMI)[12] | Gull | 25 000* |
Storbritannia (BPI)[13] | Gull | 400 000^ |
USA (RIAA)[14] | 2× Platina | 4 000 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- ↑ «Creedence Clearwater Revival». .telus.net. 2. januar 1971. Arkivert frå originalen 23. mai 2013. Henta 17. august 2013.
- ↑ Whitburn, Joel (1990). The Billboard Hot 100 Charts: The Sixties (25 October 1969 through 27 December 1969). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. ISBN 0-89820-074-1.
- ↑ Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs. London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 257. ISBN 0-214-20512-6.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2. juni 2013, henta 17. august 2013
- ↑ «The story behind the lyrics and the identity of the "Fortunate Son"». Snopes.com. Henta 17. august 2013.
- ↑ «Fortunate Son Songfacts». Songfacts.com. Henta 17. august 2013.
- ↑ Battlefield: Bad Company 2: Vietnam debut trailer http://www.gametrailers.com/video/e3-2010-battlefield-bad/101340
- ↑ «The story behind the choice for using Fortunate Son in the Episode». Themagickitchen.blogspot.com. 5. august 2009. Henta 17. august 2013.
- ↑ Baker, Bob (1. november 2002). «Fogerty to Wrangler: Song in ad 'ain't me' - SFGate». Articles.sfgate.com. Henta 26. mars 2010.
- ↑ Baker, Bob (23. oktober 2002). «Their 'Son' was Fogerty's baby; The last thing the synging wants is a Creedence corporate revival, but he doesn't own the rights, so 'Fortunate Son' now sells jeans». Pqasb.pqarchiver.com. Henta 29. mars 2010.[daud lenkje]
- ↑ «Danish single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son». IFPI Denmark. Henta 23. november 2019.
- ↑ «Italian single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 23. november 2019. Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Creedence Clearwater Revival in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «British single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son». British Phonographic Industry. Enter Fortunate Son in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «American single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son». Recording Industry Association of America. Henta 30. november 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
100: «Crazy» Gnarls Barkley |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 99 «Fortunate Son» Creedence Clearwater Revival |
98: «Love and Happiness» Al Green |