Spørsmålsteikn

(Omdirigert frå ?)

Spørsmålsteiknet eller spørjeteiknet (?) er eit skriftteikn som vert brukt til å markera eit spørsmål. Spørsmålsteiknet erstattar punktumet i slutten av ei spørjande setning, som til dømes: Korleis har du det? Teiknet kan også setjast i margen av ein tekst eller i klammer bake ei utsegn der ein stiller spørsmål ved det som blir sagt.

?

Skiljeteikn

apostrof ( ' ) ( )
kolon ( : ) ( ː )
komma ( , )
tankestrek ( )
lang tankestrek ( )
bindestrek ( )
bindestrek‐minus ( - )
hard bindestrek ( )
utelatingsteikn ( )
ropeteikn ( ! ) ( ¡ )
punktum ( . )
halvhøgt punktum ( · )
interrobang ( )
ironiteikn ( ؟ )
spørsmålsteikn ( ? ) ( ¿ )
sitatteikn ( ‘ ’ ) ( “ ” ) (« ») (» «) (› ‹)
semikolon ( ; )
skråstrek ( / )
bakstrek ( \ )
lodrett strek ( | )
understrek ( _ )
aldusblad ( ) ( )
asterisk ( * )
asterisme ( )
kross ( )
dobbelkross ( )
innsettingssteikn ( ^ )
tilde ( ~ )
alinea ( )
listepunkt ( • ▪ ‣)


  Fordelingsmellomrom
hardt mellomrom (   )
mange fleire ( ) ( ) ( ) ( )


  Parentesar
parentes ( ( ) )
hakeparentes ( [ ] )
krøllparentes ( { } )
vinkelparentes ( 〈 〉 )
piggparentes ( ⁅ ⁆ )

Opphav endre

Spørsmålsteiknet kjem frå det latinske ordet quaestio, som tyder 'spørsmål', og som i si tid vart forkorta med Qo. Q vart skriven over o, og markerer i overført tyding det moderne symbolet som vert brukt i dag, der «krøllen» er over prikken.

 
Skisse av korleis spørsmålsteiknet har utvikla seg.
 
Opnande (opp-ned) og lukkande spørsmålsteikn

På andre språk endre

På nokre andre språk, som spansk, vert det brukt omvende spørsmålsteiknet (¿) i starten på setningar saman med det ordinære spørsmålsteiknet i slutten. Spørsmålet «Kva er klokka?» blir til dømes skrive «¿Qué hora es?».

I arabisk vert det brukt eit mindre og spegelvendt spørsmålsteikn (؟).

I gresk og kyrkjeslavisk vert semikolon (;) brukt som spørsmålsteikn og i armensk har det form som ein liggjande ufullendt oval (՞) plassert over siste vokalen i spørjesetningen.

Spørsmålsteiknet vert òg brukt i kinesisk, koreansk og japansk skrift, sjølv om dette ikkje er påkravd i språka.

Andre typar spørsmålsteikn endre

Eit retorisk spørsmålsteikn forma som eit speglvendt spørsmålteikn blei brukt ei tid rundt 1600-talet. Dette teiknet har også vore brukt som ironiteikn.

Skiljeteiknet interrobang er ein kombinasjon av spørjeteiknet og utropsteikn som blei laga på 1960-talet. Teiknet er sjeldan brukt, men finst mellom anna i logoen til State Library of New South Wales i Australia[1] og Punctuate! Theatre frå Edmonton i Alberta i Canada.[2]

 
Kvinne bak stort spørsmålsteikn.

I overført tyding endre

Å likna eit «levande» eller «stort spørsmålsteikn» er ein metafor for å ikkje forstå noko.

Ein kan også seia at ein «set spørsmålsteikn» ved noko ein tviler på utan å skriva sjølve teiknet.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre