Frøya kyrkje står på Frøyalandet nordaust for Kalvåg på øya Frøya i Bremanger kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1865.[2]

Frøya kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bremanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Frøya
Fellesråd Bremanger
Type Langkyrkje
Arkitekt Anders Askevold
Material Tre
Innvigd 11. desember 1865
 •  Endringar 1933: nytt tårn
Sitjeplassar Kring 350[1]
Kart
Frøya kyrkje
61°46′33″N 4°53′51″E / 61.7757°N 4.8975°E / 61.7757; 4.8975
Frøya kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Frøya kyrkje

Bygget er teikna av kunstmålaren Anders Askevold og har sitjeplassar til 400 personar.[2] Askvold har òg måla altartavla som har nattverden som motiv og truleg er ein kopi etter Rubens.[2] Før 1865 var kyrkjestaden i Bremanger på Grotle vest på Bremangerlandet og kyrkja som stod der heitte Bremanger kyrkje. Då kyrkjestaden for soknet vart flytt til Frøya i 1865 fylgde namnet Bremanger kyrkje med og kyrkja på Frøyalandet heitte det fram til 1952, då namnet på både kyrkja og kyrkjesoknet vart endra til Frøya medan kyrkja på Bremangerlandet, som fram til då hadde heitt Bremangerpollen, overtok namnet Bremanger kyrkje.[2]

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre
  1. ««Frøya kyrkje» på nettstaden til Bremanger kommune».  Vitja 4. januar 2009
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Frøya kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 6. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre