Frøydis Armand
Frøydis Armand (9. april 1949–11. oktober 2022) var ein norsk skodespelar. Ho var dotter av skodespelaren Eilif Armand og syster av skodespelarane Merete Armand og Gisken Armand. Armand var tidlegare gift med skodespelaren Helge Jordal, og var mor til Matias Armand Jordal og Marte Armand Remlov og Eilif Armand Evje.
Frøydis Armand | |||
Fødd | 9. april 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Noreg | ||
Død | 11. oktober 2022 (73 år) | ||
Verka som | teaterskodespelar, dokkespelar, filmskodespelar | ||
Mor | Elisabeth Armand | ||
Far | Eilif Armand | ||
Ektefelle | Helge Jordal | ||
Born | Matias Armand Jordal | ||
Prisar | Per Aabels ærespris |
Kunstnerisk virke
endreTeater
endreArmand debuterte ved Nationaltheatret som Regine i Gengangere i 1972. Ho har sidan vore tilsett ved teateret og spelt eit femtitals roller, blant andre Lucy Brown i Tolvskillingsoperaen, Desdemona i Othello, Mary Cavan Tyrone i Lang dags ferd mot natt, Den eldre kvinna i Dødsvariasjoner, den kvinnelege hovudrolla i Kirsebærhaven, forteljaren i Nattergalen og mora i Blodbryllup. På Torshovteatret har ho blant anna spelt Marie i Woyzeck.
Ho har tolka fleire Ibsen-roller, som Bolette i Fruen fra Havet, Hedda i Hedda Gabler, Nora og fru Linde i Et Dukkehjem, Hjørdis i Hærmennene på Helgeland, Gina Ekdal i Vildanden, Rottejomfruen i Vesle Eyolf, Madame Helseth i Rosmersholm og Gunhild Borkman i John Gabriel Borkman.
Dukketeater
endreArmand har òg vore dokkespelar. I 1968 medverka ho i oppsetninga av Mikko Matti og vennene hans, som Julian Strøm og Birgit Strøm var ansvarlege for. På scena medverka òg Kjell Kjær og Elisabeth Strøm Henriksen.[1]
Film og fjernsyn
endreArmand har spelt i ei rekkje filmar, mellom anna Hustruer I, II og III. Ho har hatt ei gjesterolle i komiserien Mot i brøstet og spelt i mini-TV-serien Berlinerpoplene. I 2009 byrja ho i Hotel Cæsar i rolla som Dagny Dallimore.
Prisar og utmerkingar
endreArmand har vorte heidra med Gösta Ekmans minnespris og Per Aabels ærespris.
Diskografi
endre- Album
- For den som elsker (1994), med Stein Mehren & Ketil Bjørnstad
- Den fyrste song (2007)
- Deltar på
- Svartkatten-gruppa: Svartkatten (1971)
- Jenteloven-gruppa: Jenteloven (1974)
- Posten: Postens landeplager 1995 (1995)
- NRK Radioteatret: Jobs bok (1999)
- Arne Garborg: Haugtussa (2001)
- Lewis Carroll: Alice i Eventyrland (2002)
- Geir Bøhren & Bent Åserud: Jul på Månetoppen (2002)
- Anne Karin Elstad: Odel (2003)
- Graham Greene: Den tredje mann (2003)
- Roald Dahl: Matilda – Hørespill fra Lørdagsbarnetimen (2004)
- Edgar Allan Poe: De tre skjeletters øy og andre grøsserhistorier (2006)
- Edgar Allan Poe: Den røde døds maske og andre grøsserhistorier (2006)
- Lydbokforlaget: Utvalgte noveller (2007)
- Bjølsen Valsemølle: Over elva (2007)
- Arto Paasilinna: Den elskelige giftblandersken (2008)
- Anne B. Ragde: En kald dag i helvete (2008)
- Malmö kammarkör, Malmö symfoniorkester & Bjarte Engeset: Grieg: Peer Gynt (Complete Incidental Music) (2008)
- Anne B. Ragde: Jeg har et teppe i tusen farger (2014)
- MAI/Universal Music: MAI 1973–1983 (2016)
Filmografi (utval)
endre- 1974 - Mors hus
- 1975 – Hustruer
- 1980 – Nedtur
- 1981 – Saken Ruth Wang
- 1985 – Hustruer – ti år etter
- 1985 – Øye for øye
- 1989 – Bryllupsfesten
- 1995 – Noe beroligende
- 1996 – Hustruer III
- 1998 – Ole Aleksander Filibom-bom-bom
- 2000 – Aberdeen
- 2009 – Hotel Cæsar
Frøydis Armand har òg spelt Nissekusine i Amalies jul og i Jul på Månetoppen.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Dukketeaterkongress på Frogner i helgen» (på norsk). 25. oktober 1968. Henta 12. november 2017.
- ↑ Medietilsynet Filmdatabase – Frøydis Armand
- Denne artikkelen bygger på «Frøydis Armand» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Frøydis Armand ved The Internet Movie Database (IMDb)