Fruen fra Havet

Fruen fra Havet er eit drama av Henrik Ibsen. Stykket blei gjeve ut den 28. november 1888 og hadde urpremiere på både Christiania Theater og Hoffteateret i Weimar 12. februar 1889.[1]

Scenografi av Aleksandr Golovin, 1905.

I Fruen fra havet tek Ibsen opp problematikken kring kva for konsekvensar vala ein tek får for seg sjølv og andre.

RollerEndra

 
Agnes Mowinckel som Ellida i Fruen fra havet, 1928.
  • Doktor Wangel, distriktslege.
  • Fru Ellida Wangel, hans andre hustru.
  • Bolette og Hilde, halvvoksen. Hans døtre fra første ekteskap.
  • Overlærer Arnholm.
  • Lyngstrand.
  • Ballested.
  • En fremmed mann.
  • Unge folk fra byen.
  • Turister.
  • Sommergjester.

HandlingEndra

 
Interiør av Aleksandr Golovin.

Doktor Wangel er lege i ein liten kystby i Nord-Noreg. Han har to døtrer frå det første ekteskapet sitt, Bolette og Hilde. Etter at den første kona hans døydde, gifta han seg opp att med Ellida, som er mykje yngre enn han. Ho er dotter av ein fyrvoktar, og har vakse opp ute i havgapet. Ellida og Wangel fekk ein gut saman, som døydde som spedbarn. Etter den tida har dei ikkje hatt noko skikkeleg ekteskap eller seksualliv, og doktoren er bekymra for den mentale helsa til Ellida.

Doktor Wangel har skrive til Bolette sin tidlegare huslærar Arnholm og invitert han til å koma og vitja dei, fordi han trur det vil ha gunstig verknad på Ellida. Men Arnholm misforstår og trur det er Bolette som går og ventar på han, og han prøve å lokkar henne til seg ved å bruka høvet til å koma seg ut i verda som agn. Då Bollete skjønner at Arnholm eigenleg ønsker ekteskap, nektar ho først, men mot slutten av skodespelet går ho motstrevande med på å gifta med seg den gamle læraren sin. Dette gjer ho berre sidan ho ser det som det einaste høvet sitt til å koma seg ut i verda og få læra ting på andre måtar enn frå bøker.

Ellida var ti år tidlegare trulova med ein sjømann. Etter å ha utført eit mord på ein skipskaptein blei han nøydd til å rømma, men han bad ho om å venta på han til han kom tilbake for å henta henne. Ho freista forgjeves å heva trulovinga, men sidan Ellida følte at ho svor ved havet på å gifta seg med den framande, klarer ho ikkje skyva han frå seg. Denne framande mannen har ei dragande makt over henne, og når han no etter alle desse åra kjem tilbake for å ta henne med seg, forstår Wangel at han er nøydd til å gje Ellida eit fritt val mellom å bli hjå han eller reisa med den framande. Ho vel då å bli hjå mann, og stykket ender med at den framande dreg bort medan Ellida og Wangel tek fatt på eit nytt samliv.

TolkingarEndra

Stykket er blitt filmatisert ei rekkje gonger på ulike språk. Det er også laga eit ballettstykke av det med koreografi av Birgit Cullberg og musikk av Knudåge Riisager, som hadde premiere på Metropolitan Opera House i 1960.[2] Det blei også oppført i Bergen.[1]

FilmatiseringarEndra

  • 1911: The Lady from the Sea – USA. 35mm-film, svart/kvit, stumfilm
  • 1922: La Donna del Mare – Italia. 35mm-film, svart/kvit, stumfilm
  • 1929: The Lady from the Sea – USA. 35mm-film, svart/kvit, stumfilm. Filmen er også kjend under tittelen Goodwin Sands.
  • 1952: La Dama del Mar – Argentina. 35mm-film, svart/kvit
  • 1953: The Lady from the Sea – Fjernsynsteater BBC (Storbritannia)
  • 1958: The Lady from the Sea – Fjernsynsteater BBC (Storbritannia)
  • 1974: The Lady from the Sea – Fjernsynsteater BBC (Storbritannia)
  • 1979: Fruen fra havet – NRK Fjernsynsteater (Noreg). Premiere 6. november 1979. Regi ved Per Bronken; i hovudrollene Finn Kvalem som Doktor Wangel og Liv Ullmann som Ellida Wangel.
  • 1989: Star Quest – USA
  • 1990: Die Frau vom Meer – Fjernsynsteater (Tyskland)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  1. 1,0 1,1 «Fruen fra havet». Store norske leksikon (på bokmål). 20. mai 2019. 
  2. Martin, John (21. april 1960). «Ballet: World Premiere; Birgit Cullberg's 'Lady from the Sea' Is Based on the Play by Ibsen». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331.