Fraa By og Bygd var eit nynorsk tidsskrift som kom ut frå 1870 til 1879. Tidsskriftet kom ut i Bergen, og var eit av dei fyrste i sitt slag redigert på nynorsk.

Henrik Krohn var hovudmannen bak tidsskriftet. Han dreiv gjennom at Vestmannalaget skulle gje ut eit tidsskrift. Fyrste heftet av Fraa By og Bygd er innbunde i prydband med gull og i dei norske fargane hadde Krohn med seg til Ole Bull 17. mai 1870 då vestmennene helsa Bull velkomen heim frå amerikaferd. Krohn var skriftstyrar dei fem fyrste årgangane. Han skreiv både dikt og om naturvitskaplege utgreiingar, attåt den faste kringsjåteigen Ute og heima. Mellom dei som leverte tekstar til bladet var Kristofer Janson, Aasmund Olavson Vinje, Arne Garborg, John Klæboe, Andreas Austlid, Hans Mo og Marius Nygaard.

Hagbard E. Berner ville gjerne ha Fraa By og Bygd til blad for Det Norske Samlaget, men styremedlemene Olaus Fjørtoft og Hans Jakob Horst ville ikkje ha noko samarbeid med Vestmannalaget. Dessutan emna Samlaget på eige blad.

Dei siste fem åra var Fraa By og Bygd månadsskrift. I desse åra var formannen i Vestmannalaget også skriftstyrar. I rekkefølgje var det Olav Lofthus (6. årgangen), Hans Mo (7.-9. årg.) og Ed. G Johannessen (den tiande og siste årgangen).

Henrik Krohn var drivkrafta bak tidsskriftet i alle år, så då han døydde i 1879 gjekk Fraa By og Bygd inn. Talet på tingarar var i alle år lågt.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.