Hans Jakob Horst
Hans Jakob Horst (7. november 1848–17. mars 1931) var ein norsk skulemann, bankdirektør og politikar for Venstre.
Hans Jakob Horst | |||
Fødd | 7. november 1848 Hammerfest kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 17. mars 1931 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, banksjef | ||
Medlem | Den Norske Nobelkomite | ||
Alle verv |
|
Horst var fødd i Hammerfest, der far hans ei tid var kjøpmann. Han voks sidan opp i Tromsø, der han vart student frå Tromsø skole i 1867, cand. philol. vart han i 1874. I hovudstaden var han lærar ved Qvams skole 1871-73 og Maribogatens skole 1874-75. 1875 vart han adjunkt i heimbyen, overlærar 1886 og så rektor ved Tromsø høiere skole i perioden 1892-1908. Perioden 1909-26 var han direktør for Noregs Hypotekbank.
Horst var aktiv i lokalpolitikken i Tromsø, satt i bystyret i fleire periodar og var ordførar frå 1887 til 1890.
Horst var stortingsrepresentant for Venstre i periodane 1889-1903 og 1906-09, odelstingspresident i perioden 1892-99, lagtingspresident i perioden 1900-03. På alle tingsamlingane representerte han Tromsø og Bodø, med unnatak for den siste, då han var vald for Tromsø åleine. Horst var medlem av kyrkjekomiteen i alle år på Stortinget, sekretær i 1891 og frå 1892 formann i alle seinare sesjonar han var med på. 1902 var han formann i nøytralitetskomiteen. Han var 1890-93 medlem av den kongelege kommisjonen om dei høgare skulane i Noreg.
Horst var formann i Stortingets fredsforeining frå 1900, og president for den interparlamentariske konferansen i Kristiania i 1899. Frå 1906 til 1929 var han Noregs medlem av valdgiftsdomstolen i Haag. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 1. november 1901 til han døydde. Han var nestleiar i perioden 1913-22 og leiar frå 21. august 1922 til 2. oktober same året.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Jakob Horst NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv