François Viète
fransk matematikar
(Omdirigert frå Franciscus Vieta)
François Viète (1540–23. februar 1603) var ein fransk jurist og matematikar.
François Viète | |||
| |||
Fødd | 1540 Fontenay-le-Comte | ||
---|---|---|---|
Død | 23. februar 1603 Paris | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | algebra, kryptografi, geometri, matematikk | ||
Yrke | matematikar, kryptograf, advokat | ||
Institusjonar | Antoinette d'Aubeterre Henrik III av Frankrike Henrik IV av Frankrike | ||
Alma mater | Université de Poitiers |
François Viète kom frå Vendée, vest i Frankrike. Han var utdanna advokat, og i løpet av livet arbeidde han som rådgjevar for både Henrik III og Henrik IV.
François Viète gjorde fleire viktige oppdagingar innan både trigonometri, algebra og bokstavrekning. Han vert i dag sett på som grunnleggjaren av det moderne matematiske teiknspråket. Fleire av teikna som han innførte er enno i bruk i moderne matematikk. Læreboka hans, Opera mathematica vart utgjeven i 1646, over 40 år etter han døydde.
Kjelder
endre- «François_Viète» i Store norske leksikon, snl.no.
- Artikkelen byggjer på François Viète i Engelsk Wikipedia, henta inn 11. august 2011.