Franz Keller (fødd 19. januar 1945) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar og skihoppar frå Nesselwang. Han var medlem av SK Nesselwang og deltok internasjonalt for Vest-Tyskland. Keller vart olympisk meister i kombinert i Grenoble i 1968. Under VM i Oslo to år tidlegare vann han sølvmedaljen bakom landsmannen Georg Thoma. Keller vart vesttysk meister i kombinert i 1967 og 1970-1973, samt spesielt hopp i 1966.

Franz Keller
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 19. januar 1945 (79 år)
Nesselwang
Yrke skihoppar, kombinertløpar
Språk tysk

Aktiv endre

Keller vart i 1965 nummer tolv både i hopprennet i Bischofshofen og i kombinertrennet i Lahti. Året etter vann han kombinertsølvet i ski-VM i Oslo, like bak landsmannen Georg Thoma, og vart elles nummer 11 i normalbakken og 17 i storbakken i spesielt hopp. Han imponerte som skihoppar i den tysk-austerrikske hoppveka 1966/67, der han i Innsbruck einast vart slått av Bjørn Wirkola. Samanlagt fekk Keller ein sjetteplass. I mars 1967 vann han kombinertrennet i Holmenkollen.

Keller nådde høgdepunktet i si tid som aktiv då han vann OL-gull i kombinert i Grenoble i 1968, vel eitt poeng føre sveitsaren Alois Kälin. I Holmenkollen måtte han same året nøye seg med ein fjerdeplass i kombinertøvinga. Året etter var Keller tilbake på sigerspallen i Holmenkollen, der han vart nummer to, langt bakom den nye flinke kombinertrennaren frå Finland, Rauno Miettinen. Keller vart nummer elleve i kombinert i verdsmeisterskapen på ski i 1970, året etter kom han på fjerdeplass i kombinerttevlinga i Holmenkollen.

I OL i Sapporo i 1972 vart Keller berre nummer 33 i kombinert. Han kom i 1973 på tredjeplassen i Holmenkollen, slått av den suverene vinnaren Rauno Miettinen og nordmannen Stein Gullikstad.

Keller vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1973.

Kjelder endre