Fritz C. Riebers veg

(Omdirigert frå Fritz C. Riebers vei)

Fritz C. Riebers veg er ein firefeltsveg i Fana i Bergen. Han er ein del av europaveg 39 og riksveg 580 og går frå Fanavegen ved Lagunen Storsenter og langs austsida av Nordåsvatnet til krysset Fjøsangervegen/Straumevegen nær Gamlehaugen. Vegen er 7,7 km lang, 3,0 km som riksveg og 4,7 km som europaveg.

Fritz C. Riebersveg sett mot Nordås
Troldhaugtunnelen
Utsikt mot nordlege rundkøyring i Fritz C. Riebers veg

Han er kalla opp etter føretaksmannen Fritz Carl Rieber (1903-1978) i 1990. Han var drivkrafta bak ei rekkje rasjonaliserande samferdselstiltak i Bergensregion i etterkrigsåra, som Puddefjordsbrua og Ulrikstunnelen og fleire andre.

Knutepunkt

endre

Riksveg 580

endre

Europaveg 39

endre

Kjelder

endre