Fuglen kaka

art av papegøyefuglar
Kaka
Kaka i Auckland Zoo Foto: Flickr-brukar: Small
Kaka i Auckland Zoo
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av kaka
Utbreiinga av kaka
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Strigopoidea
Familie: Nestoridae
Slekt: Nestor
Art: Kaka N. meridionalis
Vitskapleg namn
Nestor meridionalis

Kaka, Nestor meridionalis, er ein mellomstor papegøyeart, med habitat i opphavleg skog på New Zealand, og han er endemisk for landet.

Namnet på fuglen kjem frå maori kākā.[1]

Skildring endre

 
Kakaen, som mange andre papegøyar, brukar føtene sine til å halde maten når dei et
Foto: Matt Binns

Kakaen er ein mellomstor papegøye, som måler 45 cm i lengd og veg 390-560 gram, med eit gjennomsnitt på 452 g.[2] Han liknar den nærskylde papegøyen kea, men har mørkare fjørdrakt enn kea og er meir knytt til skog. Panna og krona er gråkvit og nakken er gråbrun. Halsen og buken er meir raudlege, medan vengene er meir brunlege. Begge underartane har ei sterkt mønstra brun / grøn / grå fjørdrakt med oransje og skarlakraude blinkar under vengene, det er vanleg med fargevariantar som viser raud til gul farge spesielt på brystet.

Lætet er ein hard 'ka-aa' og ein plystrande 'u-wiia'.[3]

Kakaen lever i låglandet opp til middels høgd i opphavleg skog. Dei sterkaste områda deira er for tida i reservat på Kapiti Island, Codfish Island og Little Barrier Island. Dei blei introduserte i eit verna område i Wellington der over 300 fuglar har blitt ringmerkt sidan 2002.[4]

Kakaen held seg hovudsakleg frå midten til toppen av trekrona. Ein kan ofte observere dei når dei flyg tvers over ein dal. Dei er veldig sosiale og flyttar seg i store flokkar, ofte saman med kea.

Kakaen beitar på frukt, bær, frø, blomar, knoppar, nektar, sevje og virvellause dyr. Han brukar den sterke nebben sin å knuse konglarkauritreet for å få ut frøa.[5] Han har ei penselforma tunge for å ta ut nektar, og han brukar det sterke nebbet til å grave ut larver og biller.

Kakaen byggjer reira sine i hòle tre, legg 2 til 4 egg i kullet på seinvinteren. Begge foreldra hjelper til med å fôre ungane. I eit godt fruktår kan paret ha to kull, ofte brukar dei det same reirhòlet til det andre kullet.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «kaka, n.». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  2. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  3. Falla RA, Sibson RB & Turbot EG (1966) A Field guide to the birds of New Zealand. Collins, London (ISBN 0-00-212022-4)
  4. «Karori Sanctuary Trust timeline including species releases». Henta 26. desember 2011. [daud lenkje]
  5. «Agathis australis, Kauri». Bushmans Friend. Arkivert frå originalen 30. juli 2007. Henta 14. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fuglen kaka