Alcippe
Alcippe er ei biologisk slekt med ti artar sporvefuglar som lever i den orientalske regionen av Asia. Dei norske artsnamna har fellesnemninga 'fulvetta'. Dette er en einaste slekta i fulvettafamilien Alcippeidae.
Alcippe | |
Gråhovudfulvetta, Alcippe morrisonia | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Alcippeidae |
Slekt: | Alcippe Blyth, 1844 |
Skildring
endreAlcippe-fulvettaene er 12,5 til 16,5 cm lange og har 13,2 til 18,3 gram kroppsmasse. Oversida av fjørdrakta er dus brun eller olivengrå, undersida noko lysare. Hovudet og nakken er i brunt eller grått. Ofte kan ein sjå ein kvit augering eller ei lang mørk stripe over auga. Desse artane er mindre enn dei relaterte lattertrastar (Leiothrichidae) og har mindre kraftig farga fjørdrakt enn desse. Samanlikna med marktimalar (Pellorneidae) har Alcippe-artane veikare bein og lever i meir arboreale habitat.
Artsliste
endreAlcippe-fulvettaene i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Gråkronefulvetta, Alcippe poioicephala, Brown-cheeked Fulvetta, (Jerdon, 1841), (LC)
- Svartbrynfulvetta, Alcippe grotei, Black-browed Fulvetta, Delacour, 1936, (LC)
- Jernfulvetta, Alcippe brunneicauda, Brown Fulvetta, (Salvadori, 1879), (NT)
- Javafulvetta, Alcippe pyrrhoptera, Javan Fulvetta, (Bonaparte, 1850), (LC)
- Brillefulvetta, Alcippe nipalensis, Nepal Fulvetta, (Hodgson, 1837), (LC)
- Hubeifulvetta, Alcippe davidi, David's Fulvetta, Styan, 1896
- Guangdongfulvetta, Alcippe hueti, Huet's Fulvetta, David, A, 1874
- Gråhovudfulvetta, Alcippe morrisonia, Grey-cheeked Fulvetta, Swinhoe, 1863, (LC)
- Yunnanfulvetta, Alcippe fratercula, Yunnan Fulvetta, Rippon, 1900
- Kvitbrystfulvetta, Alcippe peracensis, Mountain Fulvetta, Sharpe, 1887, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zweigdrosslinge» frå Wikipedia på tysk, den 27. mai 2021.
- Referansar
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)