Fun House
Studioalbum av The Stooges
Språk engelsk
Utgjeve 7. juli 1970
Innspelt 11. til 25. mai 1970
Studio Elektra Sound Recorders i Los Angeles
Sjanger
Lengd 36:35
Selskap Elektra
Produsent Don Gallucci
The Stooges-kronologi 
The Stooges
(1969)
Fun House Raw Power
(1973)


Fun House er det andre albumet til det amerikanske rockebandet The Stooges. Sjølv om albumet i starten selde dårleg utvikla Fun House ein sterk tilhengjarskare og som etterfølgjaren Raw Power frå 1973 vert det i rekna som ein særs viktig del i utviklinga av punkrock.[11]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars<[1]
Chicago Tribune4/4 stars[2]
Christgau's Record GuideA–[3]
Entertainment WeeklyA+[4]
Mojo5/5 stars[5]
MusicHound Rock5/5[6]
Pitchfork9.4/10[7]
Q4/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[9]
Spin Alternative Record Guide10/10[10]

I 1999 gav Rhino Records ut den begrensa plateboksen 1970: The Complete Fun House Sessions, som inneheldt kvart einaste opptak av alle songane frå alle dagane i studioet, i tillegg til singelversjonane av «Down On The Street» og «1970».

Innspelinga endre

Sjølv om Jac Holzman i Elektra Records meinte at MC5 hadde større potensiale enn the Stooges, gjorde han det viktige grepet om å la tidlegare Kingsmen-keyboardist Don Galluci produsere albumet. Galluci hadde sett gruppa på konsert og sa til Holzman at det var ei interessant gruppe, men at han ikkje trudde ein kunne få den kjensla ned på lydband. Holzman sa at det ikkje gjorde noko fordi han alt hadde bestilt tid i platestudio i L.A. Albumet vart spelt inn i Elektra Sound Recorders i Los Angeles i California frå 11. mai 1970 til 25. mai 1970.[12] Planen til Galluci som produsent var å spele inn eit dusin forsøk av kvar song kvar dag og plukke ut dei som skulle vere med på albumet. Den første dagen bestod av lydsjekk og ein gjennomgang av songane dei hadde førebudd. Heile bandet nytta øyretelefonar med bass og trommer isolerte av lydskjermar, medan Iggy song gjennom ein kondensormikrofon på stativ.[13] Resultatet var i følgje bandet forferdeleg. Dei merka seg atmosfæren i studio med lyddemparar og isolatorar. For å oppnå visjonen til the Stooges og Galluci, fjerna dei alt slikt frå studioet for å få ei konsertkjensle. I følgje Galluci sette dei så opp bandet slik dei normalt ville ha gjort på ein konsert. Til dømes song Iggy vokalen gjennom ein handheldt mikrofon og gitar- og bassforsterkarane var plasserte side om side.

Iggy Pop indikerte at Howlin' Wolf var «verkeleg relevant for meg på Fun House. Det greiene er Wolfy, i det minste slik eg kunne gjere det»[14]

The Stooges hadde tenkt å nytte «Loose» som opningsspor, men Elektra, meinte at «Down On The Street» ville vere ein sterkare opningslåt.[15]

Ein alternativ versjon av «Down On The Street» med eit Doors-aktig orgel oppå av Gallucci, vart teken frå albumet og gjeven ut som singel.[15] Singelen kom ut same månad som Fun House, og gjorde det noko betre på listene.

Innverknad endre

Mange artistar har omtalt Fun House som favorittalbumet sitt, som Joey Ramone, Mark E. Smith, Jack White, Nick Cave, Henry Rollins (i lag med The Velvet Underground sitt White Light/White Heat), Buzz Osborne frå Melvins,[16]

I 2003 vart albumet rangert på 191. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[17]

I 1998 plasserte det Paris-baserte musikkmagasinet Rock & Folk Fun House øvst på deira «discothèque idéale».

I 2010 vart Fun House rangert på 25. plass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaralbuma.[18] Songen «Dirt» vart rangert på 46. plass på lista deira over dei 50 beste gitarsoloane.[19]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av The Stooges (Dave Alexander, Ron Asheton, Scott Asheton og Iggy Pop).

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Down on the Street»3:42
2.«Loose»3:33
3.«T.V. Eye»4:17
4.«Dirt»7:00
Side to
Nr.TittelLengd
5.«1970» (òg kalla «I Feel Alright»)5:14
6.«Fun House»7:45
7.«L.A. Blues»4:52
Bonusplate på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
8.«T.V. Eye» (Takes 7 & 8)6:01
9.«Loose» (Demo)1:16
10.«Loose» (Take 2)3:42
11.«Loose» (Take 22)3:42
12.«Lost in the Future» (Take 1)5:50
13.«Down on the Street» (Take 1)2:22
14.«Down on the Street» (Take 8)4:10
15.«Dirt» (Take 4)7:09
16.«Slide (Slidin' the Blues)» (Take 1)4:38
17.«1970» (Take 3)7:29
18.«Fun House» (Take 2)9:30
19.«Fun House» (Take 3)11:29
20.«Down on the Street» (Single mix)2:43
21.«1970» (Single mix)3:21

Medverkande endre

The Stooges

Teknisk

  • Don Gallucci – produksjon, orgel overdub
  • Brian Ross-Myring – nymastering, lydteknikar
  • Tom Hummer – assisterande lydteknikar

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. «Fun House – The Stooges». AllMusic. Henta 5. mai 2018. 
  2. Kot, Greg (22. juli 1990). «Pop On Pop: Iggy Rates His Own Music (and So Do We)». Chicago Tribune. Henta 5. mai 2018. 
  3. Christgau 1981, s. 376.
  4. Ross, Dalton (April 2007). «Then and Now». Entertainment Weekly (New York): 66. 
  5. «Fun House CD». Rakuten.com. Muze. Arkivert frå originalen den 27. juni 2013. Henta 27. juni 2013. 
  6. Graff, Gary (1996). «The Stooges». I Graff, Gary. MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Detroit: Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  7. Tangari, Joe (17. august 2005). «The Stooges: The Stooges / Fun House». Pitchfork Media. Henta 5. mai 2018. 
  8. «Review: Fun House». Q (London): 119. January 1991. 
  9. Seward et al. 2004, s. 786.
  10. Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). «The Stooges». Spin Alternative Record Guide. New York: Vintage Books. s. 378. ISBN 0-679-75574-8. 
  11. http://www.amazon.com/Funhouse-Stooges/dp/B000005IU2
  12. Funhouse Booklet 2005 deluxe edition s. 13-14
  13. http://www.mixonline.com/mag/audio_rocking_studio_stooges/%7C[daud lenkje] Recalling of the Funhouse sessions online article in MIX magazine
  14. «Iggy Pop: Chicago Blues». Rolling Stone (1119): 59. December 9, 2010. 
  15. 15,0 15,1 Edmonds, Ben. Liner notes of 1970: The Complete Fun House Sessions. Los Angeles: Rhino Entertainment dba Rhino Handmade, 1999
  16. Kerr, Dave (October 27, 2009). «A Muso's Top 10: Melvins». The Skinny. Henta 15. oktober 2011. 
  17. «The 500 Greatest Albums of All Time: 191) Fun House». Rolling Stone. November 1, 2003. Arkivert frå originalen 14. juni 2009. Henta 15. oktober 2011. 
  18. «Gibson.com’s Top 50 Gitar Albums of All Time – 30-21». Gibson. July 28, 2010. Henta 15. oktober 2011. [daud lenkje]
  19. «Gibson.com’s Top 50 Gitar Solos of All Time – 50-41». Gibson. September 20, 2009. Henta 15. oktober 2011. [daud lenkje]