Future Blues av Canned Heat
Future Blues Studioalbum av Canned Heat | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. august 1970 | |
Innspelt | 1970 | |
Studio | Village Recorders i Los Angeles | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 35:25 | |
Selskap | Liberty | |
Produsent | Skip Taylor, Canned Heat | |
Canned Heat-kronologi | ||
---|---|---|
Hallelujah (1969) |
Future Blues | Vintage (1970)
|
Future Blues er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Canned Heat, gjeve ut i 1970. Det var det siste albumet til bandet med den klassiske besetninga, sidan Larry Taylor og Harvey Mandel slutta kort tid etter utgjevinga og låtskrivaren Alan Wilson døydde seinare på året. Det var òg det einaste studioalbumet frå den klassiske tida til Canned Heat med Mandel, sidan Henry Vestine hadde vore sologitarist på dei førre albuma. Albumet inneheld fem originale songar og tre coverlåtar. Ein Wilbert Harrison-song, «Let's Work Together», vart vald ut til singel for Europa, samstundes med at turneen starta. Bandet insisterte på at dei skulle vente med den amerikanske utgåva av singelen, slik at låtskrivaren sjølv skulle få ein sjanse på marknaden først.[2] Canned Heat hadde ein stor hit med «Let's Work Together» og det var den einaste topp 10-hitten til bandet med vokal av Bob «The Bear» Hite. Dr. John spelte piano på «London Blues».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Robert Christgau | A[1] |
Det vart nokre kontroversar då plateomslaget synte ei blanding av månelandinga og Iwo Jima med det amerikanske flagget opp-ned. Flagget var Wilson sin ide og var eit svar til uroa hans over at menneske kom til å forureine månen på same måten som jorda (noko som vert omtalt i songen «Poor Moon»).[3]
Albumet kom ut på CD i 2002 av MAM Productions med fem bonusspor.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sugar Bee» | Eddie Shuler | 2:39 |
2. | «Shake It and Break It» | Charlie Patton | 2:35 |
3. | «That's All Right (Mama)» | Arthur Big Boy Crudup | 4:19 |
4. | «My Time Ain't Long» | Alan Wilson | 3:49 |
5. | «Skat» | Wilson | 2:44 |
6. | «Let's Work Together» | Wilbert Harrison | 2:53 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «London Blues» | Wilson | 5:31 |
8. | «So Sad (The World's in a Tangle)» | Canned Heat | 7:57 |
9. | «Future Blues» | Canned Heat | 2:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Let's Work Together» (singel monoversjon) | Harrison | 2:46 |
11. | «Skat» (singel monoversjon) | Wilson | 2:39 |
12. | «Wooly Bully» | Sam Samudio | 2:30 |
13. | «Christmas Blues» (Canned Heat and The Chipmunks) | Cook, Taylor, Vestine, Wilson, Hite Jr. | 2:31 |
14. | «The Chipmunk Song (Christmas Don't Be Late)» (Canned Heat and The Chipmunks) | Bagdasarian | 2:45 |
Medverkande
endreCanned Heat
endre- Bob Hite – vokal
- Alan Wilson – slidegitar, vokal, munnspel
- Harvey Mandel – sologitar
- Larry Taylor – bass
- Adolfo de la Parra – trommer
Andre musikarar
endreTeknisk
endre- Skip Taylor – produsent
- Canned Heat – produsent
- Tommy Oliver – lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Future Blues (Canned Heat album)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Eder, Bruce. «Future Blues – Album Review». allmusic. Henta 26. august 2018.
- ↑ Christgau, Robert (1970). «Consumer Guide (16)». The Village Voice (New York). Henta 5. april 2013.
- ↑ Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 128. ISBN 0-9676449-0-9.
- ↑ Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 156-157. ISBN 0-9676449-0-9.