John Utheim

norsk politikar

John Jonsson Utheim (13. januar 184716. september 1910) var ein norsk lærar, forfattar, Venstre-politikar og amtmann. Peder J. Utheim var bror hans.

John Utheim

Fødd13. januar 1847
Kvernes
Død16. september 1910 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, faglitterær forfattar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
VervAmtsmann i Sogn og Fjordane 1902-1910
FøregangarOlaj Olsen
EtterfylgjarIngolf E. Christensen
Alle verv

Utheim var frå KornstadNordmøre, der far hans var gardbrukar. Sjølv var han lærar i omgangsskule i Kvernes 1862 og Kornstad 1862-64. I 1868 vart han student og tok til på universitetet i hovudstaden. Han studerte fyrst filologi, sidan teologi, og vart uteksaminert cand. theol. i 1874. Mellom 1870 og -75 var han lærar både på Qvams skole og huslærar i Trøgstad. Frå 1875 var han lærar på Oslo katedralskole. I 1878 byrja han i lærarstilling på Sjøkrigsskulen i Horten, frå 1890 med yrkestittelen dosent. Både i 1879 og 1881 var Utheim skipsforvaltar på «Nornen» sitt tokt til England og Spania.

Utheim var medlem av bystyret i Horten frå 1883 til 1902, ordførar 1899-1901.

Perioden 1892-1894 var Utheim 2. representant til Stortinget frå Jarlsberg og Larvik amt. Han var då sekretær i militærkomiteen, 1893-94 medlem av valkomiteen og 1894 sekretær i konsulatkomiteen.

Utheim var 1898 medlem av kongeleg kommisjon om den sivile legetenesta i Noreg, og formann 1902 i ein parlamentarisk kommisjon om inndeling av einmannskrinsar ved stortingsval. Han var også forfattar av ymse verk om stortingsval og andre tema.

Utheim var amtmann i Nordre Bergenhus amt frå 1902, til han døydde i 1910.

Utheim var republikanar, og agiterte i 1905 mot innføring av monarki som styreform.

Han døydde hausten 1910 i Leikanger i Sogn.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre