John Collett Falsen
John Collett Falsen (fødd 9. september 1817 Aker, død 2. september 1879 Christiania) var ein norsk embetsmann og politikar.
John Collett Falsen | |||
| |||
Fødd | 9. september 1817 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. september 1879 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Familie
endreForeldra til John Collett Falsen var stiftamtskrivar Hagbarth Falsen (1791-1836) og Aletta Fleischer (1792-1868). Dei to gifta seg 15.desember 1811.[1] Christian Magnus Falsen og Carl Falsen var to av onklane hans, og besteforeldra var embetsmann og forfattar Enevold Falsen frå København og den norske skodespelaren Henriette (Anna Henrikka Petronelle) Mathiesen.[2]
John Collett Falsen gifta seg med Henriette Falk i Vang prestegjeld i 1848. Hennar far var sorenskrivar i Vang.[3]
Utdanning
endre- Bergen Katedralskule 1828-1833[4]
- Cand.jur. 1841
Yrkesliv
endreJohn Collett Falsen jobba som prokurator i Nedenes amt frå 1846 til 1849. Etter dette flytta han til Trondheim og jobba som overrettssakfører der ei kort tid før han flytta til Drammen same år. Falsen jobba som prokurator og var ordførar i Drammen i fleire periodar.
Falsen var amtmann (fylkesmann) i Nordre Bergenhus amt (no Sogn og Fjordane fylke) frå 1861 til 1869. I sitt første år som amtmann budde Falsen i Lærdal, men flytta embetet til Leikanger kommune i 1862. Falsen kjøpte garden Nybø av sorenskrivar Hjort, og når han selde garden vidare til staten året etter vart Nybø embetsgard for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt.[5] Amtsstova på Nybø fungerte som administrasjonsbygg fram til 1939, og i 2013, i samband med 250årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke, vert amtsstova, det eldste administrasjonsbygget i fylket, restaurert og flytta.[6]
Falsen var stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i periodane 1859-61, 1865-67 og 1869-69, og statsråd frå 1869 til han døydde i 1879. Som statsråd var han i Justisdepartementet (1969-70, 1871-72, 1874-77 og 1878-79), ved statsrådsavdelinga i Stockholm (1870-71, 1873-74 og 1877-78), og var marineminister 1871 og indreminister 1872-73.
Utmerkingar
endreJohn Collett Falsen var Kommandør av St. Olavs Orden, han fekk Storkorset av den svenske Nordstjerneordenen og Storkorset av den danske Dannebrogorden. Ved Uppsala universitetet sin jubileumsfest i 1877 var Falsen utnemnd til juris hedersdoktor.
Kjelder
endre- NRK Fylkesleksikon: John Collett Falsen
- Hemnesslekt: Hagbart de Falsen
- Store Norske Leksikon: Falsen
- Terje Bratberg, Store Norske Leksikon: Carl Falsen
- Knut Mykland, Store Norske Leksikon: Christian Magnus Falsen
- Paul Thyness, Store Norske Leksikon: Envold De Falsen
- Nordisk familjebok - Uggleupplagan. 7. Egyptologi-Feinschmecker
- Biografisk informasjon om John Collett Falsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Fotnotar
endre- ↑ Digitalarkivet: Klokkerbok for Garnisonsmenigheten prestegjeld, Akershus slottsmenighet sokn 1810-1814
- ↑ L. Dietrichson(1866) Omrids af den norske poesis historie
- ↑ Historieboka: John Collett Falsen
- ↑ Digitalarkivet: Frode Ulvund: Elevprotokollen for Bergen Katedralskole 1749-1867, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 14. juni 2013
- ↑ Kulturhistorisk leksiokn, Fylkesarkivet: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk
- ↑ Sogn Avis 09.01.2013: Gjorde funn i veggane[daud lenkje]