Gállogieddi friluftsmuseum

(Omdirigert frå Gállogieddi)

Gállogieddi er eit samisk friluftsmuseum i Evenes kommune i Nordland. Namnet kan omsetjast til 'storstein-marka',[1] eller 'enga ved den store steinen'.[2] Det norske namnet på staden er Myrnes. Den samiske kulturfestivalen Márkomeannu blir halden kvart år på Gállogieddi.

Gállogieddi friluftsmuseum

Festivalområdet til Márkomeannu ligg på museet.
Foto: Astrid Carlsen
StadEvenes kommune
Skipa1990
Kart
Gállogieddi friluftsmuseum
68°31′37″N 16°46′36″E / 68.52694°N 16.77673°E / 68.52694; 16.77673

Museet er eit fråflytta markesamisk gardstun.[3][4] Den fyrstDen samiske kulturfestivalen Márkomeannu blir halden kvart år på Gállogieddi. e faste busetjinga her fann stad mot slutten av 1700-talet, då reindriftssamen Jon Nilsen og familien hans slo seg ned her.[5] Området i og rundt markebygdene i Evenes var godt kjent for reindriftssamane; kvar vår flytta dei frå vinterbeita på svensk side til sommarbeita ved norskekysten. Mange av reindriftssamane blei etter kvart bufaste, og dette er grunnlaget for dagens markebygder. Stovehuset og fjøset på garden er frå 1895.[6]

Gállogieddi opna som museum i 1990, og består i dag av gamme, tradisjonell bogestongslavvo, våningshus, fjøsbygning, eldhus, stabbur, skjeltersjå, jordkjellar og ei samling gamle gjenstandar og reiskapar.[2] Etter at museet ved Várdobaiki kultursenter blei oppretta i 2010, blei driftsansvaret for Gállogieddi friluftsmuseum overført frå Evenes kommune til Várdobáiki.[7]

I august 2017 vitja kronprins Haakon museet under ei markering av ei fullført registrering av samiske bygningar frå før 1925. Sametinget, Riksantikvaren og Klima- og miljødepartementet samarbeidde om registreringa.[8]

Kjelder endre

  1. Gállogieddi; meron.no
  2. 2,0 2,1 Gállogieddi – Várdobáiki (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 4. mai 2022, henta 4. mai 2022 
  3. Myrvoll, Marit (1995). Markesamisk gårdstun. Nordland fylkeskommune. ISBN 8291138206.  Særtrykk fra boka Fotefar mot nord
  4. Martin Myrnes, Aslaug Olsen og Kjersti Myrnes Balto. Gállogieddi. Fra nomader til bofaste. Skániid girjie, 2006. ISBN 9788291973166
  5. Gállogieddi samisk friluftsmuseum Arkivert 2022-01-23 ved Wayback Machine.; Evenes kommunes nettsider
  6. Gállogieddi friluftsmuseum i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  7. Várdobáiki muséum Arkivert 2018-06-17 ved Wayback Machine.; vardobaiki.no
  8. Markerte samisk bygningsvern; Kongehuset.no; 29.8.2017

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre