Galapagosspottefugl

art av sporvefuglar
Galapagosspottefugl
Galapagosspottefugl på øya Santa Fe Foto: Wikimedia-brukar Benjamint
Galapagosspottefugl på øya Santa Fe
Foto: Wikimedia-brukar Benjamint
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Galapagosspottefugl
Utbreiinga av Galapagosspottefugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Spottefuglar Mimidae
Slekt: Mimus
Art: Galapagosspottefugl M. parvulus
Vitskapleg namn
Mimus parvulus

Galapagosspottefugl (Mimus parvulus) er ein av dei fire spottefuglane i den biologiske slekta Mimus som er endemiske til Galápagosøyane i Ecuador.

Skildring endre

Som alle spottefuglar på Galápagosøyane er denne arten langhala og relativt langbeint, med eit slankt, litt nedkurva nebb. Han har medium kroppslengd for slekta si, ca. 25 til 26 centimeter. Kjønna skil seg i kroppsvekta, i gjennomsnitt veg hofuglar ca. 51 gram og hannar 56 gram.[1] Fjørdrakta har nær kvit underside, ein brei, kvit krage, ein framtredande, mørk øyrelapp og strekete overside i brunt og svart. Vengdekkarane har kvite tuppar, synleg som eit kvitt, prikka band når fuglen sit. Dei seks underartane skil seg ein del i fjørdrakta, til dømes har nominatforma ei mørk krone der andre manglar markert krone.

Galapagosspottefuglen er den mest utbreidde av spottefuglartane på øygruppa; dei lever på dei fleste av dei store øyane og mange av dei mindre øyane i øygruppa.[2] Men arten manglar på øyane Floreana, Espanola og San Cristóbal.

Dette er ein altetande art, han et alt frå frø og virvellause dyr til egg, skilpaddeungar og morkaker frå sjøløver.[3] Forsking tyder på at arten kan vere ein effektiv distributør av invasive planteartar på tvers av øyane; han et meir frukt enn fleire testa artar av darwinfinkar, og frøa som passerer gjennom fordøyingskanalen held seg generelt levedyktige.[4]

Sjølv om arten har eit relativt lite utbreiingsområde og populasjonen aldri har vorte kvantifisert, er galápagosspottefugl skildra som vanleg og bestanden ser ut til å vere stabil.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Cody, M. (2017) Galapagos Mockingbird (Mimus parvulus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. mars 2017
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus parvulus Arkivert 2014-11-10 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. mars 2017
  3. Nicholls, Henry (13. mars 2014). The Galapagos. Profile Books. ISBN 978-1-84765-896-8. 
  4. Buddenhagen, Chris; Jewell, Kelly J. (2006). «Invasive Plant Seed Viability After Processing by Some Endemic Galapagos Birds» (PDF). Ornitologia Neotropical 17: 73–80. Arkivert frå originalen (PDF) 13. august 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Galapagosspottefugl